Bedre skole nr. 1-2014

den borgarlege makta heldt arbeidarane nede, og det var borgarskapet si makt og deira nasjon som vart feira på grunnlovsdagen. I Ÿ › arrangerte Kristiania Arbeiderparti eige stemne på Ekeberg. Dei markerte avstand til den nasjonale feiringa og supplerte det nasjonale symbolgalleriet med eigne klassesymbol. Med raude roser og raude faner marsjerte dei til tonar av Internasjonalen. Då dei ytte arrangementet ned til sentrum att i Ÿ†›, tok dei opp att kampen om nasjonaldagen. Symbolbruken viser misstemninga i mellomkrigs- tida, og arbeidarane kom fyrst for godt inn att i toget etter at dei fekk regjeringsmakt i Ÿ¤´. Dei raude fanene på Ekeberg er det næraste det norske š. mai-toget har komme reell splitting på nasjonaldagen. Dei tre toga i ©Ÿ‡-åra var konkur- rerande, men slutta opp om ei felles innramma grunnlovsfeiring. Då arbeidarane braut ut, stod denne felles konstitusjonelle patriotismen som grunnlag i eit felles politisk system, i fare for å bryte saman. Arbeidarane boikotta nasjonen og fremja eit alternativ. Det tydelegaste teiknet var at dei også skipa alternativ feiring for barna. Barnetoget – nasjonens framtid Historia om barnetoget går attende til skolemeis- ter P. Quam første forsøk i © Ÿ og Bjørnstjerne Bjørnsons «smaagutternes agtog» i ©š‡. Toget skulle samle gutar frå privat- og allmugeskulen. Eit radikalt folkepedagogisk og demokratisk siktemål i tida, og dei konservative var skeptiske. Morgen- bladet omtalte nykomaren som «børnekorstog». š Men gutetoget vart raskt fast innslag. Jentene fekk først delta frå ©©Ÿ. Det heng saman med dei nye Folkeskulelovene det året, men jentene fekk ikkje delta på lik linje. Mens gutane bar det norske ag- get, bar jentene blomster. Det viser at sjølv om barnetoget var upolitisk og stabiliserande då dei bar unionsagget side om side med det reine nor- ske agget, var toget også prega av nasjonssynet i samtida. © Gutane representerte den politiske nasjonen, jentene var nasjonen sin blomsterpryd. Bjørnson sjølv hadde radikale tankar og var langt meir positiv om gutetoget då han i Norsk Folkeblad ©š‡ oppfordra andre byar å ta etter eksempelet frå hovudstaden:

17. Mai i Oslo: Utenriksminister Knut Frydenlund går i 17. mai tog sammen med barna fra Sagene skole. Skolen, som har et stort antall fremmedspråklige elever, hadde mottatt trusler fra nynazister,- derfor deltok flere politikere i toget sammen med Sagene-barna. Foto: NTB / Scanpix

Man kan sige, at det var første gang almues- manden fejrede syttende maj; ti dennegang stod han ikke og saa paa og drak sig fuld af bare kjed- somhed. Forsaavidt de kunde komme til (det var jo en arbeidsdag) mødte mænd og kvinder frem, fordi de ejede en liden slægtning i toget, som de vilde se; deres hjerte var dennegang med i det. Ÿ Barnas š. mai-tog representerte ei samling om nasjonen. Sitatet «fordi de ejede en liden slægtning i toget, som de vilde se; deres hjerte var dennegang med i det» er sentral. Barnetoget skapte med skulen som utgangspunkt ein ny kon- sensuell samlingsarena om den nasjonale framtida. Dei stabiliserte dei vaksne sin politiske kampdag. Arbeidarane sine barnetog braut med denne kon- stitusjonelle patriotismen og kom fyrst attende frammot Ÿ¤´. Då nærmar vi oss også barnetoget si stordomstid: Etter †. verdskrig har barnetoget

21

Bedre Skole nr. 1 ■

2014

Made with