Bedre skole nr. 1-2014

Foto: © sjhuls/fotolia.com

Vi har sett at overtydande pedagogikk er frigjerande fordi eleven får rom til å gjere eigne, sjølvstendige vurderingar. Men kva om eleven manglar evne til å tenkje sjølvstendig og kritisk? mest mogeleg e³ektiv måte. Sett litt på spissen er målet at tilhøyrarane skal overta perspektivet til oppdragsgjevaren. Dette er overtaling: Målet med kommunikasjonen er ikkje eit betre og meir opp- lyst samfunn. Målet er å manipulere eller overtale samtalepartnaren til å forstå verda på ein bestemt måte, nemleg slik som oppdragsgjevaren. Skjervheims poeng er at om pedagogikk og undervisning blir basert på tanken om overtaling, går det gale. Han nemner pedagogikk inspirert av åtferdspsykologi à la John Watson som døme (Skjervheim: ŸŸ†: Ÿ). Slik pedagogikk stimule- rer ikkje elevane til å tenkje og handle sjølvsten- dig. Dei utviklar seg ikkje til subjekt . I staden lærer dei berre å reprodusere verkelegheitsforståinga til læraren eller samfunnet. Det heng saman med at overtalande pedagogikk er basert på eit «subjekt/ objekt-forhold, der subjektet [læraren] på ein heilt avgjerande måte har makt over objektet [eleven]» (ibid. ŸŸ†: ©). Då får ikkje eleven rom til å utvi- kle sjølvstende og fridom, men blir betrakta som eit objekt som læraren kan manipulere slik han vil. Med kritikken av overtalande pedagogikk får Skjervheim fram at undervisning ikkje berre kan handle om e³ektiv kunnskapsoverføring eller

Hans Skjervheim (1926-99). Filosof. Universitetslektor i Bergen 1969, professor. 1982. Har bl.a. utgitt Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjonen (1964), Det liberale dilemma (1968), Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi (1973). Fra Aftenpostens arkiv

disiplinering av åtferd. Den viktigaste oppgåva til pedagogen må vere å utvikle eleven til eit sjølv- stendig tenkjande og handlande menneske – eit autonomt subjekt. For å greie det, er Skjervheims grunntanke, må læraren ikkje overtale, men gå i dialog og overtyde eleven. Overtyding og dialog Med den overtydande dialogen vil Skjervheim løyse eit gamalt pedagogisk problem: Ein lærar vil alltid formidle ei eller anna form for kunnskap til elevane. Då er spørsmålet korleis læraren kan unngå å forme eleven i sitt eige bilete. Korleis

53

Bedre Skole nr. 1 ■

2014

Made with