Bedre skole nr. 1-2014

på vaksne, for dei har kunnskap og ei utvikla for- nu. Men dialogmodellen passar dårleg på elevar. Dei treng undervisning nettopp for å tileigne seg kunnskap og utvikle fornua si. Pedagogikk som overtaling Problemet med overtydande pedagogikk gjer at Skjervheims negative vurdering av overtalande eller manipulerande pedagogikk må revurderast. Slike former for pedagogikk speler ei viktigare rolle i pedagogisk verksemd enn det han ser ut til å meine. For å sjå dette er det vesentleg å skilje mellom to ulike former for overtaling og manipulasjon: pedagogisk og moralsk. På den eine sida kan ein tenkje seg ein lærar som belønner ein elev for å lese meir. Det er ei form for manipulasjon, men føremålet er pedagogisk, nemleg å utvikle leseferdigheitene til eleven. Dette er ikkje kren- kjande eller «objektiverande», men frigjerande for eleven. For å kunne lese er ein føresetnad for fridom i eit moderne samfunn. Dette er eit døme på legitim pedagogisk overtaling og manipulasjon. På den andre sida er læraren ikkje berre peda- gog, men også eit medmenneske for eleven. Han er til dømes ein tillitsperson eleven kan opne seg til. Dersom læraren utnytter dette tillitsforholdet, manipulerer han eleven på ein umoralsk og kren- kande måte. Det er sjølvsagt ikkje ein legitimmåte å manipulere på. Døma viser at overtalande, manipulerande pedagogikk ikkje nødvendigvis krenker eller «objektiverer» eleven. Det eg kallar pedagogisk overtaling, kan utvikle elevens fridom og subjek- tivitet. Denne frigjerande funksjonen til overta- lande pedagogikk blir tydeleg når ein skil mellom pedagogisk og moralsk overtaling. Dette skiljet blir ikkje drøa av Skjervheim, men er etter mitt syn vesentleg for å forstå kva pedagogikk er. Med omgrepa overtyding og overtaling vil Skjervheim få fram skilnaden mellom pedagogikk som frigjer og pedagogikk som krenker. Eg har forsøkt å vise at dette ikkje lukkast: Dialog og overtyding er ikkje alltid frigjerande, og overta- lande pedagogikk vil ikkje nødvendigvis krenke eller objektivere eleven. Stemmer dette, er skiljet

mellom overtaling og overtyding likevel ikkje så grunnleggjande i pedagogikk som Skjervheim trur. ¤ Skjervheim i dag Dersom Skjervheims dialogpedagogikk er ute- lukka, på kva måte er…loso…en hans relevant i dagens debatt om skule og utdanning? Ein raud tråd i Skjervheims tenking er forsvaret av men- nesket som subjekt mot ulike former for «ob- jektivering»: › Ein må ikkje tru at mennesket og menneskeleg handling berre kan forståast ut frå «objektivt gitte» eller observerbare «faktum». Etter mitt syn er det forståinga hans av subjekti- vitet som grunnleggjande ved mennesket, som gjer Skjervheims tenking viktig også i dag. Den mogleggjer eit kritisk blikk på til kunnskaps- og ferdigheitstenkinga som råder i skulen. Kva subjektivitet er, er tema i Skjervheims ( ŸŸ a) kanskje mest kjende essay, «Deltakar og tilskodar», basert på magisteravhandlinga hans. Her viser Skjervheim til Kants…loso… som ei mot- vekt til den objektiverande forståinga av mennes- ket. Kant legg vekt på at subjektivitet er knytt til sjølvbevisstheit, til det transcendentale ego. Som sjølvbevisst er mennesket klar over kven det er og kva det gjer. Det kan reektere over måten det tenkjer og handlar på. Evna til sjølvstendig reek- sjon over kva som er sant og moralsk, er kjernen i Kants forståing av subjektivitet. I det same essayet refererer Skjervheim også til Søren Kierkegaards eksistens…loso…. Grunntanken hans er ikkje heilt ulik Kants: Det som særpregar mennesket, er at vi kan velje. Vi kan altså reek- tere over om vala og handlingane våre er rette eller gale. Kierkegaards poeng er at mennesket kan ha ein tendens til å late som om dette valet ikkje eksisterer. Eit aktuelt døme er vårt individu- elle bidrag til klimaendringane. Her kan det vere komfortabelt å innbille seg at ein ikkje har noko val, altså at samfunnet «er slik» at store indivi- duelle CO†-utslepp er uunngåeleg. Men tenkjer ein slik, ser ein bort frå kva det inneber å eksistere som menneske: «Eksistensielt er det nettopp spørsmåla om godt og vondt, rett og rangt som er dei sentrale, å eliminera dei ved abstraksjonens

55

Bedre Skole nr. 1 ■

2014

Made with