Bedre skole nr. 4-2014

Ungdomsskulen: IKT-bruk og læringsresultat i engelsk

■ ■ av gunvald skeiseid og thomas arnesen

Bruken av datamaskinar vart innført i norsk skule for tretti år sidan i von om og tru på ein betre skule, men utan feste i god forsking. Eit forskingsprosjekt har sett på korleis læringsresultata i engelskfaget vert påverka av bruk av IKT og i kva mon IKT er ein nyttig reiskap for differensiert opplæring.

Det var Kjell Magne Bondevik, ny kyrkje- og un- dervisningsminister i regjeringa Willoch, som gav startsignalet for IKT-revolusjonen i norsk skule då han hausten 1983 varsla ei stortingsmelding om EDB i skulen. 1 Jamvel om den varsla meldinga, Stortingsmelding nr. 39 (1983 – 84), inneheldt reservasjonar – «store mengder billig utenlandsk programvare … som kan være av tvilsom kvali- tet»; 2 «produsentene [av datautstyr] har sommål å bygge opp en undervisningsindustri» 3 – så skein framtidstrua gjennom: «elevene kan få en lettere innlæringssituasjon»; 4 «elevene vil kunne lære på en annen måte»; 5 «det frigjøres lærertid til omsorg for elever som trenger mer hjelp». 4 NOU 2003:16 representerte det neste store

steget mot den teknologitette skulen. Om fra- seologien var ny, var argumenta dei same som i 1984: «bruk av IKT gir et bedre læringsutbytte for elevene»; 6 «IKT [anvendes] som en ressurs tilpasset individuelle behov og forskjellige lærings- strategier». 7 Skulane og lærarane synte lenge mindre entu- siasme for datateknologien enn styresmaktene. Etter meir enn 20 år med på eine sida store in- vesteringar, på andre sida haltande bruk av ny teknologi i klasserommet, vart skulane gjennom den nye læreplanen KL-06 pålagde å innføra IKT som obligatorisk grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Ei seinare påminning var likevel nødvendig: «Å kunne bruke digitale verktøy er … en ferdighet

52

Bedre Skole nr. 4 ■

2014

Made with