Første Steg nr. 2-2014

BARNEHAGE ELLER SKOLE FOR FEMÅRINGENE?

Ein betre barnehage er betre enn for femåringane

Høgre si utdanningspolitiske talskvinne Kristin Vinje har lufta spørsmålet om skulestart for femåringane. Peder Haug viser i dette innspelet at argumenta for skulestart for femåringane er like dårlege somargumenta for skulestart for seksåringane var. Hanmeiner det beste er å styrke barnehagen og å sørgje for at alle barn går der.

1970-talet, og vart tiårig frå 1997. Eit av argumenta rundt dette var at ein niårig skule (med senka alder for skulestart) ville føre til at elevane komut i arbeids- livet eitt år tidlegare enn før. Norman-utvalet (etter leiarenVictor Norman) slo i 1991 fast at det ville føre til ei årleg inntening på 11 milliardar kroner. Forklaringa var at elevane ville vere yrkesaktive eit år lenger. Særleg to argument stod imot dette. Det eine var spørsmålet om vidaregå- ande skule eigna seg for elevar som var eitt år yngre enn no. I dag vil ein i tillegg kunne legge vekt på at fråfallet frå vidare- gåande sannsynlegvis vil verte endå større enn den tredelen vi no erfarer. Det andre var at i vidaregåande skule skal elevane starte yrkesvalet sitt. Det er mange som vel om att seinare, og som dermed brukarmeir tid på vidaregåande enn tre år. Alternativet er sjølvsagt at vidaregåande skule endrar sitt innhald og sine opplegg. Det skal mykje til, og vart då vurdert som ei dårleg løysing. Slik er det nok framleis. POLITIKARANE, IKKJE FORSKARANE, ERPÅDRIVARANE FORSENKASKULESTART Mellom fagfolka var diskusjonen først og fremst knytt til spørsmålet om skule er ein eigna stad å vere for små barn. Det vart raskt sterkmotstand frå dei somvar opptekne av at barn skal få vere barn så lenge som råd. I det låg eit ønske om at

Om desse måla er nådde, er usann- synleg ut frå dei undersøkingane vi har tilgang på. Dei undersøkingane det gjeld er mellom anna dei internasjonale pro- sjekta vi tek del i (t.d. PISA, Programme for International Student Assessment). Den første PISA-undersøkinga vart gjennomført i 2000. 15-åringane somdå tok del hadde starta skulen somsjuårin- gar. PISA i tida etter omfatta etter kvart dei som tok til skulen som seksåringar. Resultata viser faktisk ein nedgang på prestasjonssida og ein auke i sosiale skilnader. Om årsaka er senka alder for skuletart og eit år meir på skule eller ikkje, er sjølvsagt uråd å seie, men det er ei rimeleg tolking. Den venta oppgan- gen kan ein i alle fall ikkje sjå noko til. Det er såleis grunn til å tvile på omendå eit år tidlegare på skule vil gjere nokon forskjell. LENGDAPÅDEN OBLIGATORISKE SKULEN Kopla til saka omalder for skulestart var spørsmålet om lengda på den obligato- riske skulen. Den hadde vore niårig sidan

PEDERHAUG (peder.haug@hivolda.no)

er professor ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda (foto/© Første steg).

No er spørsmålet omikkje det er på tide å redusere alderen for skulestartmed eit år, til det året eleven fyller femår. Då vil dei yngste skuleborna vere fire år og sju månader. Frå 1997 vart alderen for skule- start senka til det året eleven fylte seks år. Frå 1739 til 1997 hadde sjuåringane byrja på skulen. Argumenta som er nytta for å redu- sere alderen for skulestart er no dei same som vart nytta for seksåringane. Difor et det av interesse å bli kjendmed syns- punkta, og ikkje minst å vurdere i kva grad ein har nådd dei måla som då vart sette. Særleg to argument gjekk igjen. Det første var at tidleg innsats (senka alder for skulestart) ville gje auka kunn- skap og kompetanse. Det andre var at tidleg innsats ville føre til auka sosial utjamning.

10 | første steg nr 2 | 2014

Made with