Første Steg nr. 2-2015

Styrar Grete Urdal i Modalen barnehage er glad for at kommunepolitikarane har vedtektsfesta at det ikkje skal vere meir enn fem barn per vaksen i barnehagen. Dessutan er nær halvparten av dei vaksne barnehagelærarar, og Urdal vektlegg at høg pedagogtettleik er viktig for å sikre god kvalitet.

Smått er godt KraftkommunenModalen i Nordhordland bruker pengane på gode oppvekstkår for barn og unge, og ikkjeminst satsar bygda på barnehagen sin. Politikarane har vedtektsfesta at det skal vere fembarn per vaksen i Modalen barnehage. Men velstanden i Modalen kan bli trua av regjeringas kommunereform.

ut frå dei barna som bur i Modalen, og ikkje ut frå dei eitt- til femåringane som faktisk går i Modalen barnehage. Urdal seier at tala sjølvsagt varierer frå år til år, men at Modalen barnehage har teke imot barn frå utanfor kommu- nen i alle fall i ti år. Ho kjenner ikkje til omdet er rekna på korleisKOSTRA-tala forModalen skulle sett ut i verkelegheita. – Men Modalen barnehage nyt i alle høve godt av gode rammer, det er ei kjensgjerning, seier ho. LOKAL BEMANNINGSNORM Hovudkostnaden for drifta av barne- hagen ligg i den lokale bemannings- norma. Kommunestyret har vedteke at for kvar vaksen skal det vere fem barn. I tillegg kjem styraren, og ein kjøken- assistent som er der fem timar per dag. 

Ifølgje KOSTRA brukte Modalen kom- mune med ca. 390 innbyggjarar knapt 310 000 kroner per barn i barnehage i 2014. Barnehagestyrar Grete Urdal er samd i at rammevilkåra for barnehagen, som for tida har 25 barn, er svært gode, men homeiner likevel at KOSTRA-tala pyntar aldri så lite på verkelegheita. – KOSTRA-tala er fordelte på alle innbyggjarar i alderen ett til femår, seier ho. – Dei tek likevel ikkje omsyn til at i

Modalen barnehage går det ikkje berre barn som er innbyggjarar i Modalen kommune, i barnehagen går det òg barn frå andre kommunar. –DersomKOSTRA-tala forModalen hadde teke omsyn til at vi tek hand om barn fråandrekommunar også, haddedei sett annerledes ut, trurUrdal. – I fjor var det tale omåtte barnmed bustad utanfor Modalen kommune; seks fråVaksdal og to frå Lindås. KOSTRA-tala er rekna ut

første steg nr 2 | 2015 | 7

Made with