Første Steg nr. 2-2015

tilnærmingar, og somhar gitt lite romfor meir kritiske tilnærmingar. Ho understrekar at i eit posthumant perspektivmå ein inkludera også ikkje- menneskelege aktørar som det mate- rielle romet, leikane, diskursane, tida, naturen i dei prosessane som utfaldar seg. Og ikkje bare det rasjonelle og ver- bale ved mennesket er relevant. Også kropp, affektar, stemningar og energiar spelarmed. To tema er sentrale i hennar framstilling: a) ideen om pedagogiske praksisar «som nettverk eller mas- kinerier» og b) ideen om pedagogiske praksisar «som tilblivelser, med fokus på det kontinuerlig foranderlige» ( 51). Hillevi Lenz Taguchi og Anna Pal- mer sin artikkel Flickors (o)hälsa i sko- lans materielt-diskursiva miljøer – en argentisk realistisk analys er eit konkret eksempel på ein posthumanistisk ana- lyse der også materielle forhold som skulebygningar og arkitektur spelar med i analysen. Forfattarane engasjerer seg i «att tänka hur olika miljøer, ting, praktiker, førestellningar, känslor och kunskaper samhandlar för att skapa fenomenet (o)hälsa» (s 100). Dermed får dei også vist korleis for- sking aktivt kanmedverka til å skapa«nya ochmer gynnsammaverkligheter» (s 82). Gert Biesta sin artikkel No para- digms, no fashions, and no confessions. Why researchers need to be pragmatic er ein teoretisk artikkel der han drøftar ulike forskingsparadigme. Han nyttar skiljet mellom forklaring, forståing og frigjering for å få fram fundamentale trekk ved dei ulike tilnærmingane. Og han legg vekt på det viktige poenget at forskaren bør undersøkja opphavet til ein teori for å finna ut om akkurat den teoretiske posisjonen er fruktbar for det prosjektet han eller ho har i tankane. NYEDOKUMENTASJONSMÅTAR RagnhildOlsen er i sin artikkel oppteken av å visa at forskingspraksis kan doku- menterast på andremåtar enn gjennom observasjon og tolking. Gjennombruk av bilde og tekst gjenskaper ho situasjonar somhar hendt, og får framdet ho kallar diffraksjonar. Dette er som brytingar i bylgjer. Dei kan brytast, bøyast og for-

andrast i møtet med noko anna. Slik bylgjer i havet endrar seg i møtet med stein og strand. Barad (2007) somer ein av referansane til Olsen, argumenterer for at diffraksjonsmønster kan vera «den grunnleggende bestanddel som verden består av.» (s 69). Andre viktige referansar er Deluze og Guatteri (1987) som også går igjen i mange av dei andre artiklane i boka. Gjennom dei konkrete eksempla viser Ragnhild Olsen at det er fleire måtar å forska på barnehage- praksis, og gjera den meir tilgjengeleg for interesserte lesarar. Knut Ove Arntzen sin artikkel hand- lar om teaterkritikk og har undertitte- len Performativ forestillingsanalyse av postmoderne teater –Hotel Pro Forma og Remote Control Productions. Gjennom analysen av to konkrete forestillingar får han godt fram korleis ei metaforisk tilnærming til kritikk kan arta seg. Her er det ikkje ein litterær tekst med ein konkret intensjon som er utgangs- punktet, men ei søking og leiking med metaforar somkan gripa sentrale aspekt ved forestillinga. Dette er kunstkritikk og ein parallell til den opne og søkjande forskingsmetoden som dei fleste andre artiklane er eksempel på. SKRIVEPROSESSEN Elisabeth Adams St. Pierre sin artikkel handlar om skriving. Ho har late seg provosera av det tradisjonelle skrive- samarbeidet der to eller fleire forskarar skriv ein tekst saman. I staden har ho utvikla sin eigen metode: An Always Already Absent Collaboration. Ho lagar ordbok – Betties dictionary – med sitat frå andre sine tekstar. På denne måten tek ho vare på si eiga lesing og på for- fattarar som har skrive noko som har appellert til henne. Det er einmetode for å vera i ein skapande dialogmed sin eigen skriveprosess. Her handlar det omå stola på sin eigen, individuelle skriveprosess der orda nokre gonger skriv seg sjølv. Nå vart det for freistande å referera til min eigen artikkel Ein blå penn mot eit kvitt papir i boka Den skrivende førskole- lærer (Arne Solli (red.) 2009:100): «Det er somomdet å formulera ein tanke dreg ein ny med seg, og så ein til. Sjølve den

aktiviteten å sitja der og skriva ser ut til å produsera nye tankar, nye formuleringar. Det er dette Jo Bech-Karlsen har fanga med formuleringa «Ved å skrive, søker jeg mine egne tanker» (Bech-Karlsen 1998:11). I artikkelen To be or not to be: når å skrive er å skrive seg inn i et felles- skap fortel forfattarane Kirsten Stien, Britt Kramvig og Rebekka Brox Liabø om forskings- og utviklingsprosjektet «Rulleramp». Det var organisert som ein skriveverkstad for ungdomsskule- elevar, og handlar om unge menneske sine forsøk på å skapa sin eigen identi- tet i ei verd med mange ulike stemmer. Tyngdepunktet i analysearbeidet ligg på forhandlingsprosessarmellomelevane, korleis dei framstiller seg sjølv og kva slags fellesskap dei konstruerer. Eit vel- lukka prosjekt og ein velskriven artikkel. DETNYEMETODOLOGISKE LANDSKAPET Også artikkelen avCamillaE. Andersen med tittelen Affektive data ogDeluzeogu- attari-inspirerte analyser er både vel- skriven og informativ. Dette er kanskje den artikkelen i boka somgjev den beste og grundigaste oversikta over detmeto- dologiske landskapet som har inspirert dei fleste av bidragsytarane i boka. Her er ei spennande skildring av korleis ho sjølv kom på sporet av nye omgrep og nyemåtar å forstå røyndomen på, pluss klargjerande eksempel på det ho kallar Deluzeoguattari-inspirerte analysar . Ein av redaktørane for standard- verket Handbook of Qualitative Rese- arch , Norman K. Denzin, har ei helsing til forfattarane i det han kallar «this important book» (s 13). Han siterer BobDylan i songen Ballad of a thinman : «Something is happening here but you don’t know what it is, do you, Mister Jones?» Nokon kvar kan verta både spørjande og undrande framfor dettemangfaldet av nye perspektiv og utradisjonelle analy- sar av nye typar empirisk materiale. Eg synest likevel det er grunn til å gratulera både forfattarar og forlagmed ei rik bok som vonleg kjem til å inspirera mange barnehageforskarar i dei komande åra.

første steg nr 2 | 2015 | 71

Made with