Første Steg nr. 2-2015

– Eg trur ikkje det er mange kom- munar der lokalpolitikarane gjer slike vedtak, seier Urdal. – Det er vel van- legare mange stader at politikarane vil presse inn så mange barn som mogleg per vaksen. For tida har barnehagen to pedagogar per avdeling, men det skuldast òg at tre avdelingar for ei tid tilbake blei til to. Talet på barnehagelærarar utgjer knapt 50 prosent av dei tilsette, og det veks. Samstundes ønskjer formannskap og administrasjon ei vridningmotmeir fag- kompetanse i barnehagen, ifølgjeUrdal. Talet veks fordi barnehagen har to barne- og ungdomsfagarbeidarar som er i gangmed å ta barnehagelærarutdan- ning. Begge tek utdanningmed romsleg økonomisk støtte frå kommunen. – Dei får lønna praksis, og stipend til kjøp av bøker, til reiser, og så vidare. Sjølv fekk eg støtte til å ta dennasjonale styrarutdanninga, seier Urdal. Kommunen har ei stipendordning til ungdom i vidaregåande opplæring. – Eg veit ikkje kor unikt dette er i Kommune-Norge, men det er i alle høve eit svært godt tilbod – vi er ein kvalitets- bevisst kommune, slår ho fast. Urdal er òg barnehagefagleg ansvar- leg i kommunen; ho representerer kommunen i det interkommunale barnehagesamarbeidet, mellom anna i kursregionen i Nordhordland. – Det å vere ein del av kursregionen gir oss store fordeler. Kommunen har jo berre ein barnehage, vi har ingen annan Bak sprinklane ligg dei små og søv. Opphavleg var det ikkje sprinklar der, men personalet oppdaga at kattar klatra inn og pissa i barnevognene. Da blei teknisk avdeling i kommunen kontakta, og berre timar etterpå var arbeidet med å få på plass sprinklane i gong. Gratis for barnehagen, utan ventetid og utan søknader på skjema i fleire eksemplar.

Kulturbygget Bryggjeslottet er eit viktig bygg i ei lita bygd. Her er det teatersal/fleirbrukshall, bibliotek, symjehall, bowling, trimrom, m.m. Bryggjeslottet er bygdas viktigaste felles arena.

barnehage å samarbeide og diskutere med. BEVISST SATSING Dei tilsette i Modalen barnehage har vanleg tariffløn, men foreldresatsane er subsidierte. Ingen betaler makspris, og snittprisen per plass er ca. 1940 kroner. Foreldra kan velge mellom tre- dagars- eller femdagarsplassar. Barna får frokost og lunsj i barnehagen i form av smøremat/brødskiver, og for det beta- ler foreldra 265 kroner per månad. Det same gjeld forresten på skulen litt lenger ned i bygda, skulen har kantine. – Det er brødmat med sunt og godt pålegg. Matpakkar heimefrå med Nugatti-skiver vil vi ikkje ha noko av, seier Urdal. – Vi har vald kostregime ut frå eit tydelig definert folkehelseper- spektiv, og vi veit da også at tannhelsa til barna i kommunen er svært bra. Det er slik både innbyggjarane og politikarane vil ha det. Ingen av dei representerer nokre av dei tradisjonelle politiske partia; i Modalen har dei to parti: Samlingslista og Solrenningslista. Dei er nok så like når det gjeld politikken. –Mange på dei to listene er sjølvsagt foreldre, og i småmiljø somher er det lett å oppnå stor politisk semje omtilbod til barn og unge, også gjennombarnehage- tilbod. I tillegg kjem skolefritidstilbod, lag og organisasjoner, idrettsarbeid, og mykje anna. Vi treng jo innbyggjarar, seier Urdal. Dei gode vilkåra gjer at barnehagen

kan gle seg over eit stabilt personale. Samstundes kan det vere vanskeleg å rekruttere folk også, mange kvier seg for å busettje seg i en grisgrendt kommune somModalen. –Det er ikkjemeir enn ein og ein halv time i bil til Bergen, vi tykkjer ikkje det er så ille, seier Urdal. Modalen barnehage har det bra økonomisk, men som Urdal seier: – Vi arbeider heile tida med å utnyttje kvar krone best mogleg. Vi diskuterer heile tida pengebruken nøye. REFORMTRUAR Og no truarHøgres kommunesamanslå- ingsreform. I dag kan rundt 390 innbyg- gjarar dele på dei høge kraftkommunale inntektene – jo, det kan vere bra å vere liten. – Ja, seier Urdal. – Vi har jo snakka omat dersomvi blir slått samanmed en annan og større kommune, vil det vere ein illusjon å tru at vi blir sittande igjen med dei romslege rammene vi har i dag. Lokalavisa Vaksdalsposten skriv 23. april at formannskapet i grannekommu-

8 | første steg nr 2 | 2015

Made with