Første Steg nr. 2-2015

Bruker inntektene på innbyggjarane –Vi er einkraftkommune somhar hatt gode inntekter gjennom dei siste 30 åra, seier ordførar Knut Moe. – Desse inntektene har vi brukt til å byggje opp gode tenester til innbyggjarane. Alle offentlege tenester iModalen, somskulen, sjukeheimen, og sjølvsagt barnehagen, nyt godt av ein god bemannings- norm, for den politiske satsingsviljen har alltid vore stor, ifølgje ordførar Knut Moe. – Vi satsar på gode tenester, og det må vi når vi satsar på å tiltrekkje oss unge familier, småbarnsfamilier, seier han, og legg til: – Og for å kunne tiltrekkje oss nytt næringsliv, for kraftproduksjonen gir ikkje sysselsettjing til meir enn nokre få. Ein skulle ikkje tru det, men IT-næringa har vald å eta- blere seg i Modalen, med i alt rundt 40 tilsette – unge og godt utdanna folk som er svært bevisste når det gjeld kva dei vil ha av kommunen. Det betyr mykje i ei bygd med ca. 390 innbyggjarar, og i vekst. Moe håper at folketalet bikkar 400 om ikkje så lenge. Men han vil ikkje at det skal skje gjennom ei kommu- nesamanslåing: – Den klare holdninga i Modalen er vi skal fortsette å vere ein eigen kommune. Vi er bekymra for svekka tenester til innbyggjarane dersom det blir ei samamslåing. Samstundes arbeider vimed ulike alternativ for å vere budde når spørsmålet blir enda meir aktuelt. AS/tekst og foto

Modalen kommune med rundt 390 innbyggjarar ligg i botnen av Mofjorden. Det er vasskraft som gjer kommunen velståande. Fjella kransar bygda, og kjem ein til topps, er ein i Stølsheimen.

nenVaksdal diskuterte samanslåingmed Modalen. Oppslaget i avisa legg mest vekt på usemja internt i Vaksdal Høgre i saka, men oppslaget kan lett tolkast som at vaksdalingane vil haModalen inn i en ny og større Vaksdal kommune. NårUrdal skal oppsummere samtalen med Første steg, vektlegg ho først at det er viktig med høg pedagogtettleik for å sikre god kvalitet. – Det er omsynet til barna som tel. Det er til beste for barna at vi har den bemanningsnorma vi har, og det at vi har eigen kjøkenassistent. Vi kan sjå barna heile tida, og ingen må gå frå avdelinga fordi noko må gjerast på kjøkenet. Den gode bemanninga gjer det lettare for oss å ha dei møta vi treng kvar veke. God bemanning gjer det òg lettare å gjere ting utanfor barnehagen, somå tamed barna på ei teaterframsyning i kulturhuset i Mo sentrum, eller å besøke symjehallen. – Bergensavisen skreiv om oss for ei tid tilbake, under tittelen «Barnehage med et fang til alle». Det blei eg glad for, seier Urdal. AS/tekst og foto

Ordførar Knut Moe representerer Samlingslista, den eine av dei to listene (den andre er Solrenningslista ) som har trengt alle andre politiske parti ute frå styre og stell i Modalen. Moe vil ikkje ha Modalen kommune slått saman med andre kommunar, av frykt for dårlegare kvalitet på dei offentlege tenestene.

første steg nr 2 | 2015 | 9

Made with