Første Steg nr. 3-2014

EITMEIRNYANSERT SYN PÅBARNDOMMEN

desse tilnærmingane, men Sommer er klar på at nedanifrå og opp-perspektivet er det som på lengre sikt er mest gun- stig for barnet si utvikling og læring. I denne breiare tilnærminga har barns eigne interesser større rom, og læringa er integrert i leik og dagleg liv. Kognitivt orienterte og skuleprega opplegg i bar- nehagen (ovanifrå og ned) har vist seg å ikkje ha nokon langsiktig effekt, og kan også føramed seg negative konsekvensar (prestasjonsangst, mindre kreativitet). FORHANDLINGSFAMILIEN – OGDENMEIR ENGASJERTEFAREN Eit trekk ved oppvekstvilkåra for det seinmoderne barnet (barn i vår tid i den vestlege verda) er at familien med kjernerelasjonenmor – barn ikkje lenger er den einaste oppvekstarenaen for små barn. Framleis har foreldra stor påverk- nad på barnet si utvikling, og sjølv om begge foreldra er yrkesaktive, har dei ikkje vorte mindre viktige. Men det har vorte nokre viktige endringar i familie- livet. Kvinner si aktive deltaking i yrkes- livet og ei massiv utbygging av barne- hagar er viktige trekk i utviklinga. Endra syn på kjønnsroller og på fars og mors oppgåver i heimen har også endra synet på kva somer ein vel fungerande familie og på maktbalansen mellom foreldra. I denmoderne familien har forklaringar, diskusjonar og forhandlingar fått større plass i foreldra sin måte å samhandla med barna på. Sommar peikar på tre kulturelle fenomen som han ser som drivkraft i utviklinga av ein forhandlingskultur: humanisering, demokratisering og indi- viduasjon. I desse prinsippa ligg det at barn ermenneske vimå ta omsyn til. Dei har rettar og dei har krav på respekt. Dei skal høyrast og sjåast, dei skal inklude-

rast og foreldra skal ta omsyn til at dei er unike personlegdommar. I eit eige kapittel drøftar Sommer faren si rolle i familien. Han viser til forsking som syner at far er viktig også i den tidlige utviklinga hos barnet. På den måten tek han eit oppgjer med tidligare forsking som har vore einsidig orien-

Sommer dokumenterer på ein overty- dande måte at det er grunnlag for å tala omeit paradigmeskifte i synet på barns utvikling, og at det er fruktbart å sjå bar- net si utvikling ut ifrå ein vidare sosial og kulturell ramme. Boka har ein klar

Dion Sommer (bildet) reknast som ein av Nordens fremste innan feltet barns oppvekst, læring og utvikling, og vår bokmeldar finn at Sommer argumenterer overtydande for eit paradigmeskifte i synet på barns utvikling (foto: Arne Solli).

tertmot relasjonenmor – barn og tillagt denne avgjerande vekt for barnet si sei- nare utvikling. Han refererer blant anna til studiar av eit jeger- og samlarfolk i Sentral-Afrika (Aka-stammen) der faren er ein sentral omsorgsperson. Han viser også til forsking innan vår eigen kultur- krets der det kjem fram klare skilnader mellom oppsedingspraksis i ulike land, til dømesmellomSkandinavia og Tysk- land. I drøftinga av JohnBowlby (britisk psykolog, psykiater og psykoanalytiker, 1907–1990) sin tilknytingsteori får han fram at både mødrer og fedrar kan vera eit trygt grunnlag for barnet si utvikling. Det beste grunnlaget for barnet si utvik- ling er to trygge tilknytingsrelasjonar.

struktur og god tematisk samanheng. Medan barnepsykologiske teoriar før paradigmeskiftet understreka kor viktig barndomstida og dei første barneåra var for seinare utvikling, har nyare forsking nyansert dette. Psykologisk funksjon hos vaksne kan bare delvis forklarast med påverknader i tidleg barndom. Derfor kan det i framtida vera vel så fruktbart å studera levetidsutvikling i eit livsper- spektiv. Barndommen er ein av fleire periodar som kan forklara mennesket si utvikling. Boka Barndomspsykologi vart fyrst publisert på engelsk i 2012 og er omsett til norsk av LarsHolm-Hansen og Inger Sverreson Holmes.

første steg nr 3 | 2014 | 61

Made with