Utdanning nr 01-2014

Ut i verda

USA

Meiner lærartestar diskriminerer

The Boston Teachers Union klagar på evalu- eringssystemet for lærarar i byen, som etter fagforeininga sitt syn verkar diskriminerande. I klagen til dei lokale styresmaktene vert det mellom anna peika på at 9,7 prosent av svarte lærarar fekk vurderinga «må betre seg», medan berre 4,1 prosent av kvite lærarar fekk det same. Utdanningssjefen i Boston meiner det er for tidleg å konkludere om diskriminering, sidan systemet berre har fungert i eitt år. Han kritiserer samstundes fagforeininga for å krevje jobbane tilbake for dårlege lærarar, skriv avisa The Boston Globe.

England

– Kompis-lærarar skapar åtferdsvanskar

Tanzania

– Altfor mange lærarar forvekslar det å vere venleg andsynes elevane med det å vere familiær, seier Michael Wilshaw, leiaren for det statlege kontrollorganet for skulen, Ofsted, til BBC. Ifølgje ein ny rapport frå Ofsted går rundt 700.000 elevar på skular der ele- vane si åtferd må verte betre. Lærarar vert skulda for ikkje å vere gode nok til å slå ned på småprating og mobilbruk, noko som i sin tur fører til at åtferdsproblema vert verre, skriv €e Telegraph.

Michael Wilshaw vitja St. Paul Way Trust School i London i samband med framlegginga av Ofsteds rapport for 2013. FOTO JOHNSTILLWELL/ PAPHOTOS/SCANPIX

Livstidsdom for tjuveri

Tre lærarar og ein forretningsmann i Mpanda i Tanzania er dømd til fengsel i praksis på livstid. Dei vart funne skuldige i å ha stole verdiar frå ein skule på til saman 21 millionar tanzanian- ske shilling (tilsvarande rundt 4,2 millionar kroner). Fengselsstraffene var på mellom 143 og 255 år. Dei vart dessutan dømde til å betale attende det ei hadde stole etter at straffa er sona ferdig, ifølgje Tanzania Daily News.

Uvurderlig hjelp for elever med bokmål som hovedmål!

BOKMÅL-NYNORSK SKOLEORDBOK • 18 000 oppslagsord i blått • Gode instruksjoner om bøyning • Mange eksempler og faste uttrykk

Enklere å lykkes med nynorsk

Større ambisjoner? Prøv den svarte!

Tillatt på eksamen

BOKMÅL-NYNORSK ORDBOK • 31 000 oppslagsord • Like lett å bruke • Til skolearbeid eller på kontoret Skriv like godt på nynorsk!

Begge bøkene følger rettskrivingsnormen fra 2012.

21 | UTDANNING nr. 1/10. januar 2014

Made with