Utdanning nr 01-2014

Eit av fleire bilete som Agnar Jørgensen og Kjell Heisholdt malte på veggen i studentane sitt opphaldsrom i Bitschweiler. FOTO INGARHOLMSPRIVATARKIV

Forsida på ei tysk vervingsbrosjyre, «Veier til germansk skjebnefellesskap». Førelesnin- gane til studentane gjekk føre seg i hovudbygninga i bakgrunnen. FOTO ROUBY/DREYERFORLAG

«Raselære av rektor. Propaganda.» Frå ‚or Holms dagbok 5. juli 1944, etter førelesning av rektor ved Jena universitet

forlate lokalet, vi andre vart førte til universitetet, fortel Kvamme. Dei rundt 1200 arresterte studentane vart frakta til ein leir i Stavern, der dei mellom anna vart avhørt om sine haldningar til «den nye tid». 650 av dei vart sleppte fri i løpet av dei komande vekene, resten sendt til Tyskland. Første gruppe på 291 studentar vart i desember 1943 sendt til Senn- heim i det franske landskapet Alsace som var blitt annektert av Tyskland. «Særfangar» Kvamme sjølv var med i ei gruppe på 354 som vart sendt til Buchenwald i januar 1944. Buchenwald-leiren låg åtte kilometer frå Wei- mar, om lag midt i dagens Tyskland. – I starten vart vi handsama som vanlege fan-

gar. Buchenwald var ein forferdeleg leir, og det fekk vi kjenne på. Men etter ei tid fekk vi status som «særfangar» og vart isolert i ei eiga brakke med ein luftegard med piggtråd rundt. Vi slapp å arbeide som dei andre fangane, og fekk i staden undervisning i nazistisk ideologi, fortel Kvamme. – Korleis opplevde du desse forsøka på å overtyde dykk om at den nazistiske ideologien var den rette? – Eg opplevde det som latterleg. Heilt latterleg. Det einaste positive eg kan hugse frå desse førele- singane, var då ein av lærarane hadde med seg ein grammofon og spelte klassisk musikk. Fann dagbok frå leiren Ein av dei andre studentane som hamna i Buchen- wald, var ‚or Holm. Son til Tor, Ingar Holm, kom nyleg ut med ei bok om dei norske studentane som

Norske studentfangar på marsj under leiing av Oberscharführer Babst. FOTO HELGEROGNLIENSPRIVATARKIV

eringa – Eg var på Rikshospitalet, vi skulle ha såkalla «klinikk» i nevrologi, under leiing av professor Georg Monrad Krohn. Vi hadde fått tildelt pasi- entar som vi skulle undersøke klinisk, og stille ein diagnose. På veg inn fekk eg ein lapp i handa. Åtvaring Lappen varsla ein storstilt aksjon mot studentane. «Fra ledende NS-hold er det opplyst at samtlige studenter skal arresteres og føres til konsentra- sjonsleir i Tyskland», stod det. Aksjonen skulle gå føre seg same dag. «Forlat straks lesesaler, institut- ter og klinikker og gå i dekning». – Eg gjekk inn til professoren, viste han lappen, og spurte om det ikkje ville vere fornuftig å avlyse klinikken. Det avviste han. Vi vart sette i gang med undersøkingane, men det gjekk ikkje lenge før tyskarane hedde trengt inn i auditoriet. Univer- sitetslærarane og dei kvinnelege studentane fekk

>

To sider frå dagboka til Thor Holm, med skisse av brakke 19. FOTO INGARHOLM

25 | UTDANNING nr. 1/10. januar 2014

Made with