Utdanning nr 01-2014

Aktuelt

var i tysk fangenskap 1943–1945, «De motvillige germanerne». Boka har han skrive i samarbeid med Elling Kvamme. Det var likevel ei anna lita bok som gav start- skotet til prosjektet. – Far min døde i 2005. Han fortalde lite om kor- leis han hadde det då han «sat i Tyskland». Då mor gjekk bort nokre år seinare, og vi skulle rydde leilegheita, fann eg ein liten 7. sans som låg bak dei andre bøkene i ei bokhylle. Det viste seg å vere dagboka hans frå tida i Tyskland, fortel Ingar Holm. For Holm, som sjølv er pensjonert historikar med lang fartstid frå forlagsbransjen, vart dette starten på eit omfattande arbeid med å kartleggje og beskrive kva som faktisk skjedde dei drama- tiske dagane i november 1943 og i tida etter. Dramatisk aksjon Å stengje heile universitetet og arrestere 1200 stu- dentar var ein dramatisk aksjon somvekte reaksjo- nar også utanfor Noregs grenser. Mellom anna kom det skarpe protestar frå Sverige. – Kvifor gjorde tyskarane dette? – Rektor Didrik Arup Seip var avsett og fengsla i 1941, og ein ny rektor med NS-bakgrunn var inn- sett. Sjølv om fleirtalet av dei vel 4200 studentane var relativt passive i motstandsarbeidet, var ei gry- ande misnøye og motstand på gang, seier Holm. Fleire studentar deltok i illegalt pressearbeid, og hausten 1943 hadde det tilspissa seg etter ein kon- flikt om opptakskriteria til medisinstudiet. Depar- tementet ville gje NS-medlemer fortrinnsrett, og ein protest enda med at 10 tilsette og 63 studentar vart arresterte av statspolitiet. – Dette førte til ytterlegare protestar, og brann- stiftinga i slutten av november fekk det til å renne over for Terboven, seier Holm. – Kor overraskande kom den store aksjonen? – Den kom som lyn frå klår himmel. Det hadde gått rykte om at noko kunne skje, og på morgo- nen 30. november vart det spreidd ei åtvaring i

Student- arrestasjonane

l Under ein aksjon 30. november 1943 stengte den tyske okkupasjonsmakta Universitetet i Oslo og arresterte 1200 studentar. vart sende i to puljar til fangeleirar i Tyskland og Frankrike. Dei andre vart etter kvart sett fri. Studentane fekk undervisning i nazis- tisk ideologi av di dei skulle omskolerast til nasjonalsosialismen. l 14 studentar døde i Tyskland; 13 av sjukdom og ein under bombinga av Freiburg i november 1944. Tre døde like etter heim- komsten, av sjukdom frå opphaldet. Resten kom tilbake til Norge i mai 1945, dei fleste med dei kvite bussane. l 645 av studentane l

Tyske soldatar svermar rundt Universitetet under aksjonen mot studentane 30.novem- ber 1943. FOTO NORGESHJEMMEFRONTMUSEUM

«Det skulle vært fest i vårt kjære Parnass, Med alt hva en vingyllen rus formår, Det skulle vært smil over hevede glass, Silke og blonde hår – Det var ikke akkurat vin det ble, Ikke musikk som du vel hadde tenkt, Det hele ble grått og en smule forvrengt, Buchenwald, piggtrådgård, Flügel C.»

Frå £or Holms dagbok, eit fødselsdagsdikt til studenten, Alf Tveteraas, som blei 25 år 9. oktober 1944

form av lappar slik den Elling Kvamme fekk. Likevel møtte dei fleste studen- tane opp, fortel Holm. – I ettertid kan vi nok sjå at mange av dei var nokså naive. Dei opplevde ikkje seg sjølve som ein

i verdshistoria: å vekkje dei norske studentane til å bli glødande tilhengjarar av nasjonalsosialismen ved hjelp av ideologisk skolering. Studentane skulle undervisast av glimrande professorar frå Tysklands beste universitet. Når perioden var over, skulle dei ta sin rettmessige plass i framtidas Stor-Germania. – Fordelen med dette var at studentane fekk betre vilkår ennmange av dei andre i fangenskap i Tyskland. Dei fekk betre mat og meir frie taumar, men dei var likevel fangar, og mange av dei fekk både sjå på nært hald og sjølve oppleve nazistane sin brutalitet, seier Ingar Holm. Då krigen var over, hadde 17 av dei norske stu- dentane døydd i sjukdom. Dei andre kom seg vel- berga heim, men trass i at mange av dei hadde hatt eit mildare fangeopphald enn andre krigsfangar, hadde opplevingane sett sine spor. – Mange hadde sett mykje fælt og var prega av

det, men mange syntest det «vesle» dei hadde opplevd, ikkje var noko å snakke om etter krigen. Difor var det lite dei fortalde, også min far. Det er likevel ikkje tvil om at dei hadde vore utsett for store påkjenningar. Det dei hadde vore vitne til i Buchenwald til dømes, var ikkje råd å gløyme, seier Ingar Holm. Kjelder: Ingar Holm : Demotvillige germanerne. Dreyer forlag 2013. Anders Nordstoga : Studenter i nazistenes vold. Artik- kel på nettsida til UiO - Museum for universitets- og vitenskapshistorie. Elling Kvamme : Fangestudenter. Erindringer/artik- kel på nettsida til UiO - Museum for universitets- og vitenskapshistorie.

Elling Kvamme , ein av student- fangane som framleis lever. FOTO NILSPETTERLOTHERINGTON,ALERTFILM

del av krigen, og når dei vart rådde til å gå i dek- ning, visste dei ikkje kva det betydde. Fleire gjekk ut av universitetslokala, men stod på gata utanfor og såg på kva som gjekk føre seg. Heilt til dei sjølve vart arrestert, seier Holm. Eit eksperiment I Sennheim i Alsace hadde Waffen-SS etablert Ausbildungslager St. Andreas, ein utdanningsleir for «germanske frivillige» frå fleire nasjonar. Han som skulle ha ansvaret for dei norske, oberststorm- führer JoachimWilde, la ikkje skjul på kva somvar draumen; eit eksperiment, eineståande og storslege

26 | UTDANNING nr. 1/10. januar 2014

Made with