Utdanning nr 01-2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar

FOTO TOM-EGILJENSEN

«Å undervise er ikkje rakett-vitskap. Det er mykje vanskelegare.» Eit ønske for det nye året

«Du som er lærer – du gjør Norges viktigste jobb. Mange unge menneskers fremtid ligger i dine hender.» sa Erna Solberg i sin tale 1. nyttårsdag. Statsministeren talte om psykisk helse, om utdanning som drivkraft i samfunnsendring og om «drømme- lærere». Solberg brukte arbeidet mot mobbing som eksempel på korleis utdanning og helse er knytt saman. Om slike tema skal henge i hop, må vi forstå at lærararbeidet er komplekst, og at kunnskapens som trengst, er mangfaldig. Mitt nyttårsønske for denne regjeringas kunnskapspolitikk er at dei i handling vil utvikle barnehage og skule med respekt for og på grunnlag av lærarane sin profesjonelle kunnskap. Statsmi- nisteren sa ikkje noko i nyårstalen om kva slags tiltak regjeringa vil sette i gang. Men vi veit at etter- og vidareutdanning av læra- rar har høg prioritet i denne regjeringa sitt kunnskapsprosjekt, og det er bra. Somme meiner at ønsket om meir utdanning til lærarar er eit teikn på mistillit. Det treng det absolutt ikkje å vere. Om ein berre ropar på meir akademisk kunnskap, eller trur at det er forskarar og politikarar som kan gjere barnehagen og skulen betre – då kan det oppfattast som mistillit. Men systematisk etter- og vidareutdanning av lærarar bør først og fremst bidra til ei foredling av den erfaringsbaserte kunnskapen. Vekslinga mellom det å stå i kvardagens utfordringar, og å få høve til å reflektere over desse med ny teoretisk kunnskap, kan utvikle sjølve lærararbeidet. Dette er berre mogeleg om ein gjer læra- rane si eiga læring til ein del av det kontinuerlege lærararbeidet. «Å undervise er ikkje rakett-vitskap. Det er mykje vanskele- gare.» Omtrent slik skreiv Ryan Fuller i Washington Post sitt magasin, Slate, rett før jul. Og mannen veit kva han snakkar om.

Etter ei karriere i NASA har han valt å bruke kunnskapen sin som lærar på ein vidaregåande skule i Colorado Springs. Og han hevdar at medan arbeidet i NASA handla om å tenkje gjennom tekniske problem, så handlar lærargjerninga om å bruke heile sitt repertoar av tanke, kjensler og evne til kommunikasjon og improvisasjon. På mange vis er lærararbeidet to jobbar, seier Fuller. På den eine sida er det planlegging, gjennomtenking, e-postveksling, foreldrekontakt, rettleiing og kollegial utveks- ling – og dette arbeidet kunne ha vore ein heil jobb. På den andre sida er sjølve undervisninga. Og desse sidene heng tett saman. Om ein ikkje får gjort dei rette førebuingane, vert sjølve undervisninga dårlegare. Balansen i lærararbeidet er ei viktig sak for regjeringas satsing på kunnskap. Statsministeren peiker på at barn og unges framtid ligg i læra- rane sine hender. Det ansvaret kjenner vi. Og saman skal heile profesjonen forvalte det ansvaret på ein profesjonell måte - i tråd med den profesjonsetiske plattforma. Alle barn må, frå dei begynner i barnehagen, møte ei utdanning der de får utvikle seg og lære i eit trygt fellesskap. Vi som er lærarar i barnehagar og skular, er ikkje superheltar, men kvardagsheltar. Vi er ikkje magikarar, men praktikarar. Og vi arbeider ikkje som einsame ulvar, men som eit kollektiv. Vi blir som alle andre yrkesutøvarar gode av solide rammevilkår – og vi presterer svakare av dårlege.

Om kunnskap er den nye oljen, slik statsministeren sa i si nyårstale, må regjeringa lytte til oss som skal utvinne han.

Godt nytt år!

64 | UTDANNING nr. 1/10. januar 2014

Made with