Utdanning nr 13-2014

Innspill

Forsking på fysisk aktivitet og faglege prest

Auken i faglege prestasjonar kjem ikkje automatisk avmeir trim. Det er eit positivt signal til Skule-Noreg at heile 40 forskarar får 30 millionar kroner i tilskot for å dokumentere i kva grad fysisk aktivitet vil påverke elevane sine faglege prestasjonar. At elevar som får ein ekstra time utegym kvar dag gjennom skuleåret, vil tileigne seg ein betre fysikk og kroppsleg intelligens og stille sterkare i høve arbeidskapasitet med oppgåver, enn dei som sit i ro inne heile skuledagen, vil vere ein rimeleg konklusjon. Men auken i faglege pre- stasjonar kjem ikkje automatisk av meir trim, men oftast styrt av i kva grad ein lærar tek i bruk ulike undervisningsmetodar som: «Treff elevane sin unike læringsstruktur». Pause i undervisninga? Konsentrasjon og mentalt arbeid er slitsamt, og gjennom elektroencefalografi (registrering av elektrisk aktivitet i hjernen) har ein kartlagd at vi alle har ulike konsentrasjonsspenn. I snitt reknar ein med at ein seksåring kan konsentrere seg i seks minutt før endring av aktivitet, ein tiåring treng pause etter ti minutt, ein 12-åring 12minutt et cetera. Dette har ein viss samanheng med at hjernen treng heile 25 prosent av surstoffet som 20 prosent av blodet transporterer til hjernen, med glykogen til «sovna» hjerneceller. Korte trimpau- sar med enkle rørsler vil tilføre hjernen ny energi med auka evne til å ta i mot informasjon. Gym inne i klasserommet med Røris I staden for å organisere ekstra utegym for ele- vane, vil ein mest sannsynleg oppnå ein langt større læringseffekt med korte trimpausar i klasserommet direkte knytt til undervisninga. Eit par pausar med lett trim på ein par minutt vil fort auke pulsen med tilførsel av nytt oksygen til hjernen og oppnå ein langt større konsentrasjon og læringseffekt over tid. Grunnlaget for ein slik påstand finn ein grundig dokumentert i nyare hjerneforsking. Det svenske trim-programmet Røris er nettopp utvikla på grunnlag av kunnskap om hjernen som treng pausar i undervisninga. Mange sku- lar har allereie god erfaring med Røris, eit trim- program med musikk som er tilpassa for bruk i klasseromma. Ein klasse som får fem timar utegym kvar veke, misser på 38 veker heile 190 timar teori i klassen.

To timar trim i klasserommet utan å misse undervisning: to minutt pausetrim kvar 15 minutt og to gonger kvar skuletime på 45 minutt, gir elevane 24 minutt ekstra gym kvar dag. På fem dagar får elevane to timar trim som på same tid truleg er med på å auke konsentrasjo- nen og læringseffekten av undervisninga. Fire timar friminutt kvar skuleveke: På ei sku- leveke har elevane i tillegg friminutt i om lag fire timar, som og kan brukast til ulike pause- aktivitetar som ballspel, springing og til dømes mattebingo. Undring over meir uro i timane? For 50 år sidan var eg ein av 30 elevar i den før- ste lærarskuleklassen som gjekk i Sogndal, etter opptak ved Volda lærarskule. I ettertid har eg ofte undra meg på at ein aldri fekk etterutdan- ning i høve undervisning og læring, trass i at ein etterlyste oppdatering og hjelp til å løyse alle problema ein til stadig møtte i klasserommet. Etter 15–20 års praksis byrja ein å undre seg på kvifor elevane vart stadig meir aktive og ukon- sentrerte i timane. Å lytte til programmusikk som til dømes «Moldau» av Bedřich Smetana, gjekk veldig bra i 1960-åra, men ein generasjon seinare merka ein at elevane hadde meir vanskar med å kon- sentrere seg. Reint tilfeldig kom ein over bøker om hjerneforsking, som hadde mykje interes- sant om nye oppdagingar om korleis ein trudde hjernen arbeidde. Fleire av desse opplysningane vart til svært god hjelp og støtte i undervisninga i ulike fag. Det første «pedagogiske sjokket» kom då ein vart klar over at konsentrasjonsvanskane hos elevane i skulen er eit problem som har meir samanheng med hjernen sin overkapasitet enn med det motsette. Når vi les eller snakkar saman i klassen, brukar vi om lag 125 ord i minuttet. Ein utkvild hjerne har kapasitet til å handsame og tolke over 1000 ord i minuttet. Neste «sjokk» var at hjernebarken brukar heile 30 prosent til å tolke synsinntrykk, medan språket og hørsel kanskje berre brukar 3–8 prosent. At elevane òg har ulike intelligensar, krev at ein som lærar presenterer faget på fleire måtar for å treffe flest mogeleg med informasjonen. At kjenslene styrer i kva grad elevane ynskjer å lære og lagre lære- stoffet, er òg ein viktig faktor. Når forskinga i tillegg hevdar at synet brukar 70 prosent av kroppen sine nervefibrar frå auget til hjernen og brukar heile 30 prosent av hjernebarken til synsinntrykka, vart det viktig å visualisere

Egil Hjelmeland

FOTO PRIVAT

«Ein seksåring kan konsentrere seg i seks minutt før endring av aktivitet.»

40 | UTDANNING nr. 13/22. august 2014

Made with