Utdanning nr 13-2014

sjonar i skulen

lærestoffet. Ein merka etter kvart at den «visu- elle metoden» via storskjerm var ein sikker metode i presentering av nytt stoff. Den naturlege autoriteten ein opplevde hos elevar i 1950- og 1960-åra, fekk ei gradvis end- ring på ulike område i samfunnet med større fri- dom i oppsedinga med bakgrunn i psykologiske grunngjevingar. Kampen i dag mot uro og disi- plinproblem i skulen vil sterkast kunne styrast gjennom korleis ein gjennomfører ei undervis- ning sommøter elevane sin intelligensar. Noreg er mellom dei landa i verda som bru- kar mest pengar på skulen, men internasjonale granskingar som PISA syner at vi gjer det dårleg når det gjeld faglege resultat. Land som Finland, Nederland og Canada gjer det langt betre. Gran- skingar viser elles at det er meir bråk og uro i skuletimane i Noreg enn i mange andre land. Det vert hevda at me har ein manglande kultur for læring. Forsking på undervisning? Når Høgskulen i Sogn og Fjordane får tildelt 30 millionar kroner og høve til samarbeid med 40 forskarar i eit prosjekt som vil fokusere på samanheng mellom fysisk aktivitet og resultat i skulen, så er det altfor snevert å berre fokusere på denne eine faktoren. All forsking til denne tid er samde om at det er rutinar og strukturar i klasserommet som synest å påverke graden av læring. Akkurat kva er enno uvisst, men store internasjonale metastudiar viser eintydig at det som gir mest utteljing på elevprestasjonar, er samspelet mellom lærar og elev. Undervisning i eit klasserom med til dømes 30 elevar er ein svært komplisert situasjon og ein krevjande prosess som stiller store krav til samspelet mellom elev og lærar. Det er lett å forstå at nyutdanna lærarar ynskjer ein mentor mot «praksissjokket» i sitt første møte med ein klasse. Dei 40 forskarane bør i alle høve nytte sjansen til å forske på eit breiare spekter av faktorar som kan bli knytt til betre resultat av undervisninga, enn berre ekstra gymnastikktimar. Kvifor gir bruk av data i klasserommet langt mindre læringsutbytte enn før? Korleis kan ein oppnå mindre mobbing gjen- nom undervisning? Kvifor gjer jenter det best i ni av ti fag? Kvifor er søvn og kosthald viktig for læring? Korleis kan ny hjerneforsking hjelpe nye læra- rar i å takle «praksissjokket»? Kva med disiplin og rutinar for ro og orden?

Korleis bør informasjons- og kommunika- sjonsteknologi brukast for å gi betre læring? Korleis undervise for å minske mobbing? Korleis bør ein bruke Røris i klasserommet? Korleis kan det organiserast etterutdanning? Kva kan høgskular gjere for å hindre at studen- tar «hoppar av» utdanninga etter 2. året? Kva metodar og materiell fungerer best i undervisninga? Korleis kan norsk skule oppnå like bra resultat i PISA som Finland? Debatt om skulen Med bakgrunn i at norsk skule i dag pregar debattar i lokal pressa, pedagogiske fora og sentralt i både Kunnskapsdepartementet og

arbeidsgjevar KS, vil all objektiv og adekvat informasjon frå ei forskargruppe om kva som er best og viktig i skulen for å oppnå best mogeleg læringsutbytte, vege tungt i debatten. Konklusjonen forskarane kjem fram til, bør presenterast både for høgskular og lærarar som får høve til etterutdanning. Dei siste millionane kroner bør brukast til slik informasjon. Ein kursdag til kvar skule kan organiserast ved at pensjonerte lærarar og foreldre tek over undervisninga ein skuledag. Det vil fungere med ei god lekseplan for dagen, ein tilgjengeleg vaktmeister og ei kontordame som kokar kaffi til matpausen. God forsking!

41 | UTDANNING nr. 13/22. august 2014

Made with