Utdanning nr 13-2014

Lektorlaget: Mistilliten til KS har bygd seg opp Norsk Lektorlag sier den pågående konflikten handler ommer enn at arbeids- giveren KS vil ha lærerne til å tilbringe mer tid på skolen. - Mistilliten til KS har vokst seg stadig sterkere i den tiårsperioden vi har hatt dem som for- handlingsmotpart, sier leder Gro Elisabeth Paulsen i Norsk Lektorlag til NTB.

– Hvis ikke KS snur, bør staten overta KrF, SV og Rødt mener staten skal forhandle med lærerorganisasjonene hvis ikke KS snur. SV-leder Audun Lysbakken krever at KS gjenoppretter tilliten til lærerne slik at det blir ro i skolen. – Hvis det stadig blir nye konflikter i skolen, må regjeringen vurdere å ta tilbake forhandlingsansvaret, sier han til NRK.

Streik Streikande fekk ros og støtte

TEKST OG FOTO IngebjørgJensen,Bergen I tillegg til 66 lærarar ved Amalie Skram er lærarar ved ti andre vidaregåande skular i Bergen og ein i Askøy kommune tekne ut i streik frå måndag 11. august. Ti ungdomsskular i Bergen er òg råka av streiken. – Frå KS og media kan ein få inntrykk av at vi ikkje gjer jobben vår, seier Anny Strand, som har vore lærar i 30 år. Ho meiner det er meir effektivt å gå heim etter ei sekstimars undervisingsøkt, slappe av og ete middag, for så å ta fram arbeidet. Då kan ein rette samanhengande eller ta telefonen til foreldra i ro og fred, seier Strand. Strand er van med at dei er 30 lærarar som deler kontor. Sjølv ikkje ein gong ein flunkande ny skule klarer å gi lærarane optimale kontortilhøve: I rom som er dimensjonert for fire arbeidsplassar, blir det pressa inn seks lærarar, ifølgje lærarane. Entusiastiske streikande Plasstillitsvald Odd Haga opplyser at førebels er 66 av rundt 70 medlemmar av Utdanningsforbundet tekne ut, medan rundt 25 frå Norsk Lektorlag og tre frå Skolenes landsforbund er på jobb. Odd Haga reknar med at streiken likevel vil ramme meste- parten av undervisninga, dersom det ikkje kjem ei løysing før skulestart. – Er effekten av ein streik ved skulestart like god som ein streik like før eksamen? – Ein streik om våren rammar stort sett berre munnleg eksamen, sidan undervisninga er ferdig. No får det konsekvensar for undervisninga, påpei- «Jag hoppas att ni vinner!» Denne helsinga, og ei raud rose frå ein svensk mann, fekk tre lærarar på veg til streike- samling ved Amalie Skram videregående skole i Bergen.

Hilda Hønsi , Anny Strand og Helen Vølstad med rosa og kortet frå den svenske mannen.

kar Haga, som fryktar konsekvensane dersom dei gir etter: – KS har eit klart uttalt mål om eit arbeidsår på 45 veker. Set vi ikkje ein stoppar for dei no, vil dei

krevje meir i dei neste forhandlingane. Vi blir heile tida pressa til å jobbe lenger, medan andre yrkes- grupper får mindre arbeidstid. Når sommaren kjem, er lærarane rimeleg slitne, seier Haga.

Stor oppslutnad på streikemøte

Rundt 700 av til saman 742 streikande deltok på dei to streikemøta i Bergen 11. august, iføl- gje arrangøren. – Sjølv om mange framleis har ferie, møtte dei opp på streikemøtet. Eg er overraska over den store entusiasmen, med tanke på at dette er det fjerde hovudoppgjeret på rad der vi er i streik. Eg

trur frustrasjonane hos medlemmane har bygd seg opp i dei ti åra sidan KS blei motpart, seier leiar for Utdanningsforbundet Hordaland, John G. Torsvik. – Vi har tapt lønsmessig, arbeidstilhøva har blitt verre, byråkratiseringa større, og når KS no vil ha meir binding, blei det dropen som fekk begeret til å flyte over, seier han.

5 | UTDANNING nr. 13/22. august 2014

Made with