Utdanning nr. 13 / 2019

Ut i verda

Tyskland

Polen

Austtyske elevar er ikkje lenger best

kome ned på nivået til elevane i vest, ifølgje nettavisa Zeit.de Sist forskarane gjorde ei lik- nande samanlikning mellom elev- resultata i dei tyske delstatane, var i 2012. Da låg framleis elevane i det tidlegare Aust-Tyskland på topp i realfag. At aust-elevane var best, er mellom anna forklart med gode lærarar. Og svært mange av dei lærarane som underviste i 2012, er i klasserommet framleis. Det er lærarmangel over heile Tyskland, og særleg i aust. Elevtalet har ikkje gått så mykje ned som styremak- tene hadde rekna med. Årets temaer Fagfornyelsen – tverrfaglighet og dybdelæring i fokus Barnehagelærerrollen og lekens betydning

I matematikk, fysikk, kjemi og matematikk har elevar frå tidlegare Aust-Tyskland vore betre enn ele- vane frå tidlegare Vest-Tyskland. Men ikkje nå lenger.

TEKST KirstenRopeid | kr@utdanningsnytt.no

Flinke realfagselevar har vore eit unntak frå regelen om at tilhøva i Vest-Tyskland var betre enn i det som var kommuniststaten DDR. I dei tidlegare austtyske delstatane gjorde elevane det mykje betre i realfag enn i det gamle Vest- Tyskland. Men ikkje nå lenger. Og det er dei austtyske elevane som er

Seksualundervisning kan bli straffbart Lærarar som gir seksualundervisning som kan seiast å «oppmode elevar til å verte seksuelt aktive» eller som informerer om prevensjon, skal straffast. Demonstrantar protesterte mot lovframlegget utanfor parlamentet i Polens hovudstad Warszawa. FOTO JANEKSKARZYNSKI/AFP/NTBSCANPIX Det går fram av eit lovforslag som vart vedteke i det eine kammeret i Polens nasjonalforsamling 16. oktober. Organisasjonen «Stopp pedofili!» tok initiativet til lovframlegget, som har fått støtte frå det leiande nasjonalkonservative Lov- og rettferdspartiet (PiS), melder nettavisa EU Observer. Ved parlamentsvalet 13. oktober sikra partiet seg fortsatt reint fleirtal i underhuset Sejm, men tapte fleirtalet i den andre delen av nasjonalforsamlinga, Senatet. Polske skular har i dag ikkje formell seksualundervisning, men skal i staden lære elevar å førebu seg på familielivet. Ein komité skal no arbeide vidare med lovframlegget. Polsk høgsterett har slått fast at det er i strid med den noverande skulelova, og det har vore demonstrasjonar mot lovframlegget i hovudstadenWarszawa og fleire andre byar. PiS-politikaren Marcin Ociepa ser ikkje noko gale med framlegget. – Det seier berre at det ikkje er lov å oppmode ein person under 15 år til å ha sex eller utføre andre seksuelle aktivitetar, seier han til radiostasjonen TOK FM. TEKST HaraldF. Wollebæk | hw@utdanningsnytt.no

ii

27.-28. november 2019 Norges Varemesse Lillestrøm

Møteplassen for moderne og innovativ læring

Samarbeidspartnere

Arrangører

Meld deg på www.settdagene.com

21 | UTDANNING nr. 13/15. november 2019

Made with FlippingBook Annual report