Utdanning nr. 13 / 2019

Historie

150 ÅR U T D A N N I N G 1 8 6 9 – 2 0 1 9 •

Fotografiske tilbakeblikk fra skole og barnehage. GLIMT

Køyr debatt!

Realistenes og filologenes landsforening er samla til landsmøte i Bergen 8.–10. august 1928. Den viktigaste politiske saka var innstillinga frå den parlamentariske skulekommisjonen, sommellom anna føreslo eit femårig gymnas basert på sjuårig folkeskule. Ifølgje boka «Fra fornem bønn til kamp om lønn» av Eivind Kristiansen var det sterk kritikk på møtet, der det mellom anna vart åtvara mot at nivået på examen artium ville bli senka. Men landsmøtet klarte likevel ikkje å vedta eit fråsegn om saka, fordi ingen av framlegga fekk fleirtal, ifølgje boka. Hans Eitrem (med briller og som sit nest nærast fotografen) vart vald til ny formann. Han vart seinare attvald to gonger til og sat som leiar av organisasjonen til 1937.

FOTO UTDANNINGSFORBUNDET TEKST HARALD F. WOLLEBÆK

37 | UTDANNING nr. 13/15. november 2019

Made with FlippingBook Annual report