Utdanning nr. 13 / 2019

Innspill

Med klimakrisa som læringsarena

Kven trur at Greta Thunberg ville lært meir på skulen enn på klimatoppmøtet?

Unni Eikeseth universitetslektor ved NTNU, Institutt for lærerutdanning FOTO NTNU

Statsministeren har ytra at Greta Thunberg burde vere på skulen og demonstrere på fritida. Erna Sol- berg synest altså å meine at Thunberg ville lært meir på skulen enn av å tale på FNs klimatopp- møte og delta i ei internasjonal klimarørsle. Desse haldningane synleggjer eit svært gammaldags syn på læring. La oss sjå litt på kva som er intensjonen med utdanning, og gå gjennom kva kompetanse det er meininga at Thunbergs aldersgruppe skal få på skulen. Utdanning skal gi reflekterande og kritiske barn I Noreg føregår det no ei fornying av faga i sku- len, den såkalla fagfornyinga. Ifølgje Utdannings- direktoratet (Udir) er ein av hovudintensjonane for fagfornyinga at det som elevar og lærlingar lærer i skulen, skal vere relevant. Vidare heiter det: «Samfunnet og arbeidslivet endrer seg med ny teknologi, ny kunnskap og nye utfordringer. Vi trenger barn og unge som reflekterer, er kritiske, utforskende og kreative.» Om utdanninga er vellykka, vil vi altså kunne vente at fleire ungdommar kan tileigne seg kunn- skap om klimaendringar, reflektere over kva det betyr for dei, og vere kritiske til leiarane sine manglande tiltak for å løyse utfordringane. Vi bør derfor vente oss fleire klimaaktivistar som Greta Thunberg og norske Penelope Lea. Kompetanse – ikkje berre i klasserom Både den noverande og den nye læreplanen har ei rekke kompetansemål i fag som elevane skal oppnå. Ifølgje Udir betyr kompetanse «å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompe- tanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.» Merk at det det står ingenting her om at kompe- tanse berre er noko ein kan få i eit klasserom. La oss ta eit eksempel frå eit kompetansemål i sam- funnsfag for førsteåret på vidaregåande: «Eleven skal kunne finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere». Sjølv omThun-

berg sikkert kunne lært dette gjennom gruppear- beid på skulen, er det sjølvsagt ingenting i vegen for at ho også kan oppnå det gjennom å skrive ein ordentleg tale om klimaendringar og framføre den for verdas statsleiarar i FN. I munnleg engelsk skal elevar på videregåande trinn 1 blant anna kunne «uttrykke seg på en nyansert og presis måte med god flyt og sammen- heng, tilpasset formål og situasjon». «How dare you»-talen til Greta Thunberg i FN har alt gått inn i historiebøkene og har blitt omtalt av media over heile verda. Det er vel ikkje nødvendig å hente inn ein engelsklærar for å krysse av på at dette kom- petansemålet er oppnådd. Når Thunberg set seg inn i jorda sitt karbonbud- sjett for 2 graders oppvarming, og kan gjere greie for kor mykje vi bruker av budsjettet kvart år, ser det også ut til at ho har god kompetanse i matema- tikkmålet «tolke, bearbeide, vurdere og drøfte det matematiske innhaldet i ulike tekster». Som naturfaglærar vil eg seie at Thunberg imponerer med svært god måloppnåing i fleire av kompetansemåla i naturfag, som til dømes å «undersøke en global interessekonflikt knyttet til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argumenter og konklusjoner i debattinnlegg.» Klimaforska- rar som har gått gjennom talen hennar finn heller ingen faktafeil der. Sanninga er sjølvsagt at klimaaktivisme har bidratt til å gi Greta Thunberg og andre ungdom- mar kunnskapar og ferdigheiter som er langt over det vi kan vente at elevar får i skulen, og langt over det mange vaksne har. I staden for å bekymre seg for Greta Thunberg si utdanning burde Solberg heller gi sine eigne regje- ringsmedlemmer i heimelekse å sette seg inn i FNs klimarapportar. Og tenk så fint om vi kunne for- vente at ikkje berre elevar, men også regjerings- medlemmer kan «utvikle kompetanse som gjør dem i stand til å ta ansvarlige valg og handle etisk og miljøbevisst», som det heiter i ny overordna del av læreplanen, bestemt av regjeringa.

«Thunberg imponerer med svært god måloppnåing i fleire av kompetansemåla i naturfag.»

48 | UTDANNING nr. 13/15. november 2019

Made with FlippingBook Annual report