Utdanning nr. 2 / 2020
Ut i verda
Kenya
Rår lærarar til å reise Dersom styresmaktene ikkje kan sørgje for tryggleiken, må lærarane reise sin veg, seier leiaren for den største lærarorganisasjonen i Kenya. 13. januar vart tre lærarar drepne aust i landet. – Vi seier til lærarane at ingen vil verne dykk bortsett frå de sjølve, seier Wilson Sossion, generalsekretær i lærarorganisasjonen KNUT, ifølgje avisa The Star. Ifølgje politiet vart tre mannlege lærarar skotne og drepne av væpna menn på ein skule landsbyen Kamuthe i Garissa-fylket aust i landet, nær grensa mot Somalia. Ein fjerde mann vart såra i åtaket, ifølgje nettavisa Standard Digital. Styresmaktene i Kenya meiner islamistgruppa Al Shabaab står bak åta- ket. Standard Digital skriv at gøymestadene deira i Somalia er under press på grunn av flyåtak frå USA, og at Al Shabaab difor har byrja å operere på kenyansk territorium. TEKST HaraldF. Wollebæk | hw@utdanningsnytt.no
Barn i landsbyen Kamuthe ser på ei øydelagd telemast etter åtaket som kosta tre lærarar livet. FOTO
AP/NTBSCANPIX
Hongkong
Klar for videreutdanning? Våre tilbud gir barnehagelærere, lærere og yrkesfaglærere kompetanse i å tilrettelegge for systematisk og tilpasset opplæring.
Lærarar vert åtvara mot kritiske ytringar
Måten lærarar uttrykkjer seg på, kan få følgjer for jobben, seier utdanningssjefen i Hongkong.
TEKST HaraldF. Wollebæk | hw@utdanningsnytt.no
• lederutdanninger • spesialpedagogikk • veilederutdanning
- Ytringsfridom er ikkje utan restriksjonar og må brukast på ein lovleg og fornuftig måte, sa utdan- ningssjef Kevin Yeung Yun-hung (biletet) på eit møte 15. januar, skriv avisa South China Morning Post. Han peikar på at lærarar sine personlege kom- mentarar på sosiale plattformar, inkludert pri-
• barnehagens fagområder • skolefag og programmering • yrkesfaglige temaområder
FOTO LINEPOST/WIKIMEDIACOMMONS
vate nettsider, er regulert av loven og profesjonelle etiske reglar, og at det vil få konsekvensar for dei som ikkje ter seg på ein høveleg måte. Samtidig understrekar han at dette ikkje er ei avgrensing av retten til å kome med politiske synspunkt og kommentere sosiale spørsmål, ifølgje avisa. Utdan- ningssjefen i Hongkong er utnemnd av den kinesiske sentralregjeringa i Beijing. Rundt 80 lærarar og undervisningsassistentar er blitt arresterte i sam- band med demonstrasjonane mot den lokale regjeringa og for meir demo- krati, som har vart sidan juni i fjor. Den største lærarorganisasjonen i Hongkong, Professional Teachers’ Union, har oppretta eit fond til lærarar som vert suspenderte og dermed mistar inntekta si.
Videreutdanningene er praksisnære og forsknings- baserte. Tilbudene er nett- eller samlingsbaserte og tilpasset lærere i jobb.
Les mer på oslomet.no/studier
Søknadsfrist 1. mars 2020
19 | UTDANNING nr. 2/31. januar 2020
Made with FlippingBook Learn more on our blog