Utdanning nr. 2 / 2020

Har du noko på hjartet? Dine meiningar er viktige for oss. Send debattinnlegg, innspel og kronikkar til debattansvarleg Ståle Johnsen på debatt@utdanningsnytt.no. Debattinnlegg kan vere på maks 2000 teikn, inklusive mellomrom. For innlegg på innspelsplass er lengda 2000-8000 teikn, og kronikkar kan ha ei lengd på mellom 8000 og 12.000 teikn. Vi ber alle oppgi fullt namn, adresse og tele- fonnummer. Redaksjonen set retten til å kutte og redigere i innlegga som vilkår. Innlegg kan òg bli publiserte på Utdanningsnytt.no.

Kommentar til «Kvar vart nynorsken i Utdanning av?» av Arne Nydal

Takk for mål-påminning!

I førre utgåva av Utdanning (nr. 1/2020) spør Arne Nydal om kor nynorsken i Utdanning vart av. Han har rekna på kor mange sider av dei siste utgåvene som er skrivne på nynorsk og meiner det bør stil- last språklege krav til det redaksjonelle innhaldet i Utdanning. Nydal spør også om kor mange av dei redaksjonelle medarbeidarane som har nynorsk som sitt prioriterte skriftspråk. Svaret er at ingen av dei fem skrivande journa- listane har det. Men når det er sagt: Vi nyttar oss av frilansarar som føretrekker å skrive på nynorsk, og blant våre journalistar er det fleire som både meistrar målforma svært godt og leverer saker på nynorsk i dag.

Eg har inga oversikt over om det var meir nynorsk i Utdanning tidlegare. Og eg vil ikkje sette nokre kvantitative krav. Krava eg set, handlar først og fremst om det redaksjonelle innhaldet. Vårt mål er å levere relevant og interessant stoff frå heile landet. I den anledning tar eg innlegget til Nydal som ei hyggeleg oppfordring og ei god påminning om at det innhaldet også kan skrivast på nynorsk.

Kaja Mejlbo ansvarleg redaktør

DET LILLE EKSTRA Gjennom kopieringsavtalen kan skolene supplere læremidlene ved å kopiere fra for eksempel bøker, aviser og innhold på internett. Det kan være av verdi når lærerne skal tilpasse

undervisningen, være oppdatert, dekke spesielle emner, søke inspirasjon eller skape en personlig vri på et opplegg. Vi snakker om «Det lille ekstra».

Les mer og se filmer på Kopinor.no/skole

43 | UTDANNING nr. 2/31. januar 2020

Made with FlippingBook Learn more on our blog