Utdanning nr 14 - 2014

Innspill

Kvakksalvarar i klasserommet

Den som kjøper og brukar eit slikt produkt, har få eller ingen haldepunkt for at lovnadene blir innfridde. Ingen av dagens produkt innan teknologistøtta læring for lesing og skriving har til dømes dokumentasjon av effekt som oppfyller akademiske krav, slik som publikasjonar eller rapportar vurderte av fagfeller. Det vil kunne innvendast at eg med dette stiller svært høge krav. Og ja, dette er høge krav, som ikkje kan setjast lågare. Me kan ikkje nytte potensielt dårleg programvare på elevar, særleg ikkje på elevar som frå før strevar med å meistre skole- kvardagen. At intensjonen frå dei kommersielle aktørane er god, har me liten grunn til å tvile på, men det er ikkje nok. Enkelt- ståande kritikk av einskilde aktørar i dette feltet har truleg også liten hensikt, fordi open konfrontasjon og kritikk tvingar aktøren i skyttargrava, og kritikken druknar som ei meining blant mange. I staden bør me reflektera over om det er mogleg å få kom- mersielle aktørar til sjølv å strekkja seg mot høgare ideal, mot ideal som i det lange løp tener eleven og skolen, samstundes som dei tener pengar. Ved å innføre den såkalla Red Dot Award har ein innan indus- tridesign løyst noko av problemet mellom tilbydar og kjøpar om kva som er god vare. Om du er kvalitetsbevisst når du handlar kjøkkenmaskinar, vil du kjenna att Red dot-logoen i form av ein liten skravert runding i raudt på produktet. Dette er inga godkjenningsordning. Den er ei utmerking til nokre av produkta som finst på marknaden, og går til produkt som oppfyller ei rekkje kvalitetskrav. Ideen er at desse krava vil gi produktet kommersielt potensial, samstundes som forbrukarane er nøgde. Langs liknande spor burde det vera mogleg å tenkje heving av kvalitet for teknologistøtta læring. Løysinga er altså å gi utmerking for god læringsteknologi. Eksempelvis kunne ein stiftelse i dialog med både kommersielle aktørar og aktuelle målgrupper formulere eit sett kvalitetskrav til produkt innan teknologistøtta læring. For kvart år kunne ein peike ut uavhengige ekspertar som vurderte nominerte produkt. Slike punkt til vurdering kunne til dømes vere: 1) Er ideen forankra i godkjent tenkjemåte? 2) Er effekten dokumentert? 3) Held produktet kva det lovar? 4) Passar bruken av produktet inn i den kunnskapen lærarar har? 5) Er produktet brukarvenleg? Ei slik utmerking av kvalitet kunne gi skolen ei grundig kva- litetssikring av det dei betaler for, og samstundes styrka merke- vare for dei som får utmerkinga. Produsentar av produkt som ikkje når opp, ville strekkje seg etter å få utmerkinga i neste runde. Ei slik ordning bør også vere frikopla frå offentlege og kommersielle aktørar ved at tilbydarar betaler ein lik sum for å bli vurdert. Organisatorisk kunne ein slik stiftelse vore lagt til eit universitetsmiljø med nær kontakt med næringslivet, eksempelvis eit innovasjonssenter, som ein arbeidsmåte og mekanisme for innovasjon. Utan ei slik kvalitetssikring, blir me verande i dagens situasjon, der skoleeigarar og foreldre ikkje maktar å kjenna att teknologikvakksalvarar for kva dei er.

Per Henning Uppstad førsteamanuensis ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking Universitetet i Stavanger

Foto ElisABETHTØnnEssEn

Eit innspel som tek tak i det store tilbodet skolen har av teknologistøtta læring og problemet somoppstår medmanglande dokumentasjon. Digital læringsteknologi kan vera særs nyttig for elevar som strevar med lesing og skriving. Likevel manglar tilbydarar og kjøparar av læringsteknologi ei felles forståing for kva som er god vare: Den eine tenkjer merkevare og forteneste, den andre udekte pedagogiske behov. Me treng difor ei enkel ordning som sikrar utvikling av høgaste kvalitet på produktet, samstundes som tilbydarar får utvikla merkevara. Innan industridesign finn me ei eksemplarisk ordning for kvalitetssikring. Den såkalla Red Dot Award går til produkt som oppfyller ei rekkje krav, slik som pris, funksjonalitet, materiale og haldbarheit, ut frå ein tanke om at det er desse kvalitetsteikna som brukaren ser etter og som derfor blir grunn- laget for kommersiell verdi. Det same burde vere mogleg innan læringsteknologi. I dagens situasjon står ei lang rekke produkt for teknologi- støtta læring utan dokumentasjon på effekt eller forklaringar på kva produktet eigentleg gjer. Når skolen eller foreldre kjøper inn slike produkt, som spenner frå alt frå stavekontrollar, over treningsprogram for augemotorikk, revolusjonerande lærings- måtar, til lydkjelder over hovudet som skal fjerne dysleksipro- blemet, gjer dei det ut frå eit håp om at desse produkta skal ta over der vanleg undervisning kjem til kort. Og ofte ligg det ei bitter erfaring og historikk av nederlag bak. Denne situasjonen representerer eit etisk problem. Kom- mersielle aktørar vender seg med store lovnader om effekt til ansvarspersonar for utsette grupper elevar, samstundes som lovnadene om effekt er naudsynte for at produktet skal ha ein sjanse reint kommersielt. Produkt for teknologistøtta læring blir også i svært liten grad kritisert i det offentlege rom, kanskje fordi produkta omgir seg med ein aura av innovasjon. Fleire av aktørane med mindre godt funderte produkt har, paradoksalt nok, òg fått prisar for krea- tivitet og innovasjonsmidlar til å utvikle produkta sine vidare marknadsmessig.

«Me kan ikkje nytte potensielt dårleg pro- gramvare på elevar.»

46 | Utdanning nr. 14/5. september 2014

Made with