Utdanning nr. 15 - 2016
god Zalo-sprut, og båtane i kanalane manøvrerer i skummet som om det var isfjell. Lokal tradisjon Utdanning sin journalist har sett ivrige ungar rundt vasspyttar og bøtter med såpeskum i fleire bergensbarnehagar. – Men ikkje andre stader i landet. Er dette ein bergens- tradisjon? – Det kan godt vere. Eg hugsar at eg fekk leike med såpeskum ute i regnet sjølv da eg var lita. Men sidan eg berre har arbeidd i barnehagar her i Ber-
gen, veit eg ikkje kva dei gjer andre stader, seier Anita Volland. Ho fortel at barnehagen også har mykje utstyr for såpebobleblåsing. Ungane blåser bobler av ulike storleikar. – Det såpebobleutstyret vi har nå, har vi kjøpt. Men det er lett å lage sjølv òg, av pipereinsarar til dømes. Bobler – Såpebobler er også gøy. Men vi må stå under tak om det regnar for mykje, elles sprekkjer regnet
boblene. Såpa til såpeboblene må vi kjøpe i lei- ketøybutikkar. Zalo, derimot, kan vi berre stikke ned på den lokale butikken og kjøpe. Og jo meir det regnar, jo meir skummar det. Så det er både lettvint og gøy med Zalo, seier ho. – Kven likar best å leike med såpeskum? – Alle! Eittåringen og femåringen er like ivrige. Dei blir søkkvåte, alle, sjølvsagt. Men vi har tør- keskåp og skifteklede, så det gjer ingenting, seier Anita Volland.
21 | UTDANNING nr. 15/16. september 2016
Made with FlippingBook