Utdanning nr. 16 - 2015

Innspill

PC-bruk i skulen:

Det måtte ein svenske til

som har vanskeleg for å følgje med i eit resonne- ment, har auka. No i ettertid ser eg at det finst eit sterkt tidsmessig samanfall med at politikarane i min kommune vedtok at alle elevar skulle ha kvar sin PC, ikkje for å forbetre resultata, men for å «auke variasjonen». Ein dag denne hausten trassa eg ideen om den saliggjerande PC-en. Eg instruerte elevane om å la PC-en vere igjen i skolesekken, bortsett frå dei gongene eg spesifikt bad dei om å ta PC-ane fram. Effekten var nesten momentan. Ro og studiefred breidde seg i klassen. Eit resultat som stemte vel med undersøkingar som er presenterte i den sei- nare tida. Min konklusjon er sjølvsagt at PC-en skal ut av klasserommet. Eg er ikkje nokon teknologipes- simist, og eg kan sjå at det finst situasjonar der PC-en kan gje elevane kunnskapar på nye vis. Men for vanlege undervisningstimar, når læraren underviser eller er i samtaler med elevane, er han kontraproduktiv. Ei slik endring skulle på ein blunk kunne betre elevanes resultat med opptil 20 prosent, spare pengar og dessutan la seg innføre straks. Dei positive effektane skulle etter alt å døme vise seg allereie i neste PISA-undersøking.» Frå eiga røynsle veit eg at det er vanskeleg å gå mot straumen og hiva PC-en ut av klasserommet når skuleleiinga framleis trur at PC er eit framifrå læringsinstrument. Eit argument om at notering på papir og dinest innføring på PC heime er nyttig læringsarbeid, bit berre på eit fåtal elevar. Dei vil ha den fridomen PC-en gjev til å gjera heilt andre ting i timane. Med datamaskina oppslått er ein ikkje garantert at elevar flest tek notatar, og berre eit fåtal ser på notatane sidan. Ein må likevel ikkje tru at det å delvis kvitta seg med PC-en er eit columbi egg for norsk skule. Det «Eit første steg (…) når det gjeld å auka seriøsiteten og eigeninnsatsen hjå elevane, vore nok å kvitta seg med datamaskina i dei fleste timane.»

torikar Bengt Liljegren har han skrive læreboka «Att undervisa i historia». I samandrag skriv den svenske læraren: «Etter at elevane fekk PC-ar, har det vorte van- skelegare for dei å følgje med. For meg er det inn- lysande at PC-en er kontraproduktiv i vanlege timar der læraren underviser eller er i dialog / samtalar med elevane. I meir enn to tiår har politikarane sett innfø- ring av PC-ar som eit avgjerande tiltak for å betre skolens resultat. Eitt argument som går igjen, er at ein vil gje alle elevar, uansett heimens økonomi, tilgang til same arbeidsreiskap. Noko direkte peda- gogisk argument vert sjeldan framført. Ein direkte, og kanskje utilsikta følgje av dette, er at elevar i dag brukar PC-en ikkje berre i situa- sjonar der den mogleggjer nye arbeidsmetodar eller ny pedagogikk, men òg som erstatning for blyant og papir. PC-en fungerer katastrofalt dårleg som notatblokk. Den forverrar elevane sine pre- stasjonar kraftig og leier dessutan til at dei held på med heilt irrelevante ting i undervisningstida. Ei undersøking i Psychological Science 2014 (Mueller/Oppenheimer frå Princeton respektive UCLA) viser at den som skriv for hand, tvingar hjernen til å arbeide med informasjonen, noko som gjer innlæringa meir effektiv. I denne studien hadde studentane som brukte PC, ikkje tilgang til Internett eller andre PC-pro- gram. Eit interessant spørsmål blir difor korleis freistinga til med PC-ens hjelp å halde på med noko heilt anna enn kva undervisningstimen legg opp til, verkar på resultatet. I ei studie 2013 let ein forskar (Sovern ved Columbia University) observatørar undersøkje kva studentar brukte PC-ane sine til i undervis- ningstida til fleire ulike collegekurs. Det viste seg at 60 prosent brukte meir enn halvparten av tida til å gjere ting heilt utan kopling til undervisninga på PC-ane sine. Eit syn som kan hevdast her, er at det bør vere elevane sitt eige ansvar å notere på det viset som passar dei best. Den eleven som bruker Facebook, ser på film eller surfar på nettet i timen, får sjølv bere konsekvensane, men diverre blir òg omgjev- naden ramma. Òg den som sat nærast ein slik elev og kunne sjå aktiviteten på nabostudenten sin skjerm, presterte lågare resultat: 17 prosent dårlegare. Dei seinare åra har eg merka at talet på elevar

Olav H. Aarrestad tidlegare lektor FOTO PRIVAT

Det er vanskeleg å hiva PC-en ut av klasserommet når skuleleiinga framleis trur at PC er eit framifrå læringsinstrument. Lenge var alt såre vel i norsk skule. Ingen stad i verda hadde elevane det så triveleg som her. Dei hadde høgare sosial kompetanse og var meir demokratisk innstilte enn i land «det var naturleg å samanlikna med». Kva meir kunne ein krevja? Nokre norske lærarar ymta om at kunnskapsni- vået kan henda ikkje var høgt nok og at mange elevar var underytarar. Dei talte for dauve øyro. Så kom PISA, frå utlandet, og ein byrja med eitt å interessera seg for tileigning av kunnskap og tame. På same tid kom den individuelle datamaskina inn i skulen, i alle fag og i alle timar – nær sagt på alle skulesteg. Og skuleleiinga gjekk i bresjen: PC var alfa og omega. Alt skulle gå via han; notatskriving, prøver og lekser – eit ord som framleis ikkje var heilt comme il faut. Lenge var einaste fagkurs ein skarve norsklærar kunne oppdriva frå fylkeskom- munen, kurs i bruk av datamaskin til dette og hint. Ingen peika på dei negative verknadene. Om ein tala spakt om dei, fekk ein til svar at elevane må læra seg å bruka instrumentet. Når dei kjem ut i arbeidslivet, vil dei møta det over alt. At det skulle vera naudsynt å bruka monsteret i alle timar for å læra å bruka det, verka litt underleg når elevar akkurat i det stykket er snøggare på labben enn mang ein lærar. Så skreiv ein røynd svensk lærar i vidaregåande skule, Håkan Danielsson, ein kronikk i Dagens Nyheter (29.4.2015), og vips vart innhaldet slått opp i den største norske nettavisa, VG Nett. «Kast PC-en ut av klasserommet» var overskrifta. Danielsson er lærar i historie og samfunns- kunnskap ved Katedralskolan i Lund. Han er koordinator for Historieprogrammet, ein av Sve- riges nitten «spetsutbildningar». Saman med his-

38 | UTDANNING nr. 16/2. oktober 2015

Made with