Utdanning nr. 16 - 2015

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar

FOTO TOM-EGILJENSEN

Ekstra innsats for flyktningar

Straumen av flyktningar som no har kurs for Europa frå Midtausten og Afrika, er den største sidan andre verdskrigen. Mottakssystema kneler under børa. Likevel er det grunn til å minne om at talet på flyktningar i Europa er mykje mindre enn til dømes i nabolanda til Syria, land som er både fattigare og har mykje dårlegare infrastruktur enn i våre land. Norge har ein lang og stolt tradisjon når det gjeld å hjelpe flyktningar og folk i naud. Og nordmenn har i ulike situasjonar opp gjennom historia også nytt godt av andre land sin innsats og sjenerøsitet når dei sjølve har vore flyktningar frå krig og naud her heime. Å hjelpe menneske som er på flukt frå krig og naud er både eit moralsk ansvar for kvar enkelt av oss og eit folkerettsleg ansvar for Norge som nasjon. situasjon som flyktningar. Derfor har Utdannings- forbundet sendt eit brev til statsministeren der vi viser til dei plikter styresmaktene har etter Barnekonvensjonen overfor flyktningebarna. Barn på flukt har rett til ekstra vern. Dei har eit særskilt behov for tryggleik og faste rammer i kvardagen etter at dei har vore utsette for traumatiserande opplevingar og lange, strabasiøse reiser. Høgkommisæren for flyktningar understrekar kor viktig det er at landa i Europa samarbeider om å løyse utfordringane. Sjølv om Norge ikkje er med Som representantar for lærarprofesjonen er vi spesielt opptekne av barna og dei unge sin

i EU, bør vi stille oss solidarisk og ta vår del av ansvaret for å ta imot dei flyktningane som alt er komne til Europa og nye som kjem. Norske styre- makter bør derfor stø opp om felleseuropeiske tiltak, mellom anna arbeidet med eit flyktningin- stitutt som gir mindre risiko for flyktningane og eit solidarisk system for byrdefordeling mellom statane. Politiske vedtak som gjeld korleis vi skal hjelpe flyktningane, bør i størst mogleg grad byggje på solid forskingsbasert kunnskap. Vi opplever at dette kunnskapsgrunnlaget bør bli betre og opp- modar regjeringa til å auke løyvingane til forsking på feltet. Utdanningssystemet bør spele ei viktig rolle i den nasjonale dugnaden som bør settast i verk for å hjelpe flyktningbarna. Det må leggast til rette for at dei raskt får plass i barnehage og skule. Vi kan love at medlemmene våre vil strekke seg langt for å gi sitt bidrag til at dette skal bli mogeleg. Men det er styresmaktene, både sentralt og lokalt, som bør ta leiarrolla i arbeidet med å koordinere innsatsen. Dugnad er eit godt norsk ord. Mykje av verdiane i samfunnet vårt er bygd opp på dugnad. Då ten- kjer eg ikkje berre på dei materielle resultata av dugnadsarbeid. Kanskje enno viktigare er den fellesskapskjensla og solidariteten som dugnaden er med på å fremje. Frå gamalt var dugnad òg ein måte å hjelpe og løfte dei svakaste i samfunnet.

«Å hjelpe menneske som er på flukt frå krig og naud er både eit moralsk ansvar for kvar enkelt av oss og eit folkerettsleg ansvar for Norge som nasjon.»

Ein dugnad for flyktningar er difor ei vidareføring av dei beste tradisjonar i det norske samfunnet. For framande som kjem til landet vårt utanfrå, skal vi vise fram noko av det beste i vår tradisjon og kultur. Det skal vi gjere ved å løfte saman, gjennom dugnaden. Rundt omkring i landet står det står det ubrukte skulehus, og mange skular blir berre brukte ein liten del av døgnet. Eg er sikker på at den nødven- dige kapasiteten finst for å gjere ein ekstra inn- sats, både den reint fysiske, og den menneskelige. Eg oppmodar lærarar og leiarar i utdannings- samfunnet og å ta ei leiarrolle i denne nødvendige dugnaden. Ta initiativ. Press på overfor styres- maktene. Vis kreativitet i å finne løysingar og ekstra kapasitet.

56 | UTDANNING nr. 16/2. oktober 2015

Made with