Utdanning nr 18 - 2014

Kronikk

1687,5

Dersomdu kjenner fienden og deg sjølv, skal du ikkje frykte hundre slag, skreiv den kinesiske strategen Sun Tzu for 2500 år sidan.

samfunnsutviklinga i Noreg og den mykje verre utviklinga i verda. Kapitalen er på offensiven. To typar lønssystem Det enklaste systemet er der arbeidskrafta møter på arbeidsplassen og er i aktivitet der eit visst timetal. Men mykje arbeid vert utført innanfor eit akkordsystem; partane er einige om at ei viss arbeidsmengd skal betalast med løn for så og så mange timar. Arbeidsåret for lærarar skal no utgjere 1687,5 timar. Ein ganske stor del av dette er akkordarbeid. Akkordforhandlingar i skuleverket Ut over 1960-talet auka studenttalet, og fleire og fleire studentar hadde barn. I Bergen prosjekterte Studentsamskipnaden 146 identiske familiebu- stader fordelt på mange rekkjer. Byggjefirmaet forhandla med samskipnaden om ein akkord. Først bygde dei nokre få einingar for å prøve ut koe mykje tid som gjekk med, så forhandla dei ferdig. Deretter bygde dei resten med vel halvpar- ten av det timetalet dei hadde brukt på dei første. Vi på Natland studentby tykte vi var storheldige som fekk bu der, men det var vanleg at ymse pynt oppetter veggene tydeleg viste vindstyrken, for isolasjonspappen var ikkje heilt etter forskriftene alle stader. Positive og hardt arbeidande tilsette i samskipnaden forhandla nok så godt dei kunne, på grunnlag av si innsikt i byggjefaget. Samsvaret mellom kva arbeidsmengd som skal utførast og kva timetal ein får betalt for, er langt betre avstemt i skuleverket enn dømet Natland Studentby. Skulen har akkordar for ymse arbeids- oppgåver, som samlingsstyring, seksjonsleiing, klassestyring. Den heilt dominerande oppgåva er å undervise i fag, og undervisningsplikta, den såkalla leseplikta, er difor den aller viktigaste akkorden. Men heller ikkje akkordar varer evig. Arbeids- mengda i ulike fag endrar seg: stort sett snakkar vi ommeir arbeid. Tarifforhandlingssystemet skal fange opp dette. Lærarane i Danmark I 2012 lanserte barne- og undervisningsminister Christine Antorini endringsprosjektet «Ny nordisk skole». Elevane skulle ha fleire veketimar på sku- len. 13. juni vedtok Folketinget ny grunnskulelov der skuleveka vart auka til 30, 33 eller 35 timar,

Asbjørn Geithus pensjonert historielærar

FOtO PRIVAT

iLLUStRaSJOn ToneLileng | post@tonelileng.no

Som folk flest sel lærarar arbeidskrafta si på ein marknad, og som vanleg er i utvikla land, for- handlar seljar og kjøpar av arbeidskraft om vil- kåra på denne marknaden. I 1907 fekk vi den første landsomfemnande tariffavtalen i Noreg, mellom Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund og Meka- niske Verksteders Landsforening. Utviklinga av arbeidsmarknaden dei siste hundre åra har gjort landsomfemnande tariffar til det normale. Det gjev styrke til lønsarbeidarar. Internasjonalt perspektiv Grovt rekna har produksjonen i moderne samfunn vakse dei siste to hundre åra. Denne veksten har vorte brukt til både å redusere arbeidstid og til å auke løner og profitt til eigarar. Thomas Piketty kom i år med boka «Capital in the Twenty-First Century» der han ser på fordelinga mellom arbeid og kapital dei siste 200 åra. Boka har på få måna- der fått stor merksemd. Norske medier har nokre år fokusert på korleis ulikskapar har vakse også i det norske samfunnet. Piketty viser at fordelinga mellom arbeid og kapital ikkje har ei jamn utvik- ling. Avhengig av styrketilhøvet har delen til kvar side auka og minka, auka og minka. No er det minking for arbeidskrafta i storparten av verda. Boka «The Establishment. And how they get away with it» av Owen Jones kom òg i år. Owen viser der korleis det britiske samfunnet vart grunn- leggjande endra av Thatcher-regimet, og korleis New Labour gjekk i same sporet; skeivdelinga i Storbritannia har vorte mykje verre. I Noreg vert velferdsstaten angripen, men står framleis gan- ske støtt. Arbeidsmiljølova vert angripen; arbeids- krafta skal få meir usikre vilkår. Medan eg sit og skriv, held LO markeringar mot regjeringa sine framlegg til endring i arbeidsmiljøloven (AML) i mange norske byar. Det var politisk streik både i Oslo og Trondheim. Når vi diskuterer utviklinga i skuleverket, må vi ha med oss som bakteppe både

«Krava frå KS vil skade norsk skule.»

>

46 | Utdanning nr. 18/31. oktober 2014

Made with