Utdanning nr 18 - 2014

Kronikk

avhengig av trinn. Dette ville koste. Regjering og Folketinget var ikkje villege til å betale for mei- rarbeidet. I staden køyrde dei over lærarorgani- sasjonane. Våren 2014 var forhandlingar om ny arbeidstidsavtale for skulen i gang. Kjernen i kon- flikten var usemje om kven som skulle ha retten til å bestemme korleis lærarane si arbeidstid skulle fordelast mellom undervisning og føre- og etterar- beid, og kor mykje tid som skulle gå til undervis- ning. Semje vart ikkje nådd. Då lærarane møtte på skulen etter påskeferien, var skulane stengde og 67.000 lærarar utestengde med lockout, som heldt fram i fire veker. Arbeidstida for lærarar vart fast- sett med lov vedteken i april 2014 med verknad frå 1. august 2014. Arbeidstidsavtalen for skulen var vekk. Danske lærarorganisasjonar summerer opp at kvar lærar no underviser om lag tre timar meir for same betalinga. Dermed kunne auka timetal for elevane betalast med meirarbeid for lærarane. Det er eit ekstra poeng at statsministeren sidan 2011 er sosialdemokrat. KS inspirert av Danmark Arbeidsgivarorganisasjonen til lærarane, KS, stilte til tarifforhandlingane i år med krav som gav tyde- leg til kjenne at norske lærarar arbeidde for lite. Dei ville ha meir arbeid ut av kvart årsverk dei betalte for. Forhandlingar og diskusjonar synte at KS har ganske dårleg oversyn over kva arbeid som vert utført i norsk skule. Deira utspel om å flytte inntil 225 arbeidstimar for læraren frå den tida elevane er på skulen til etter at elevane er slutta for sommaren, vart både for grovt og for dumt. Men dersom ein motpart gjer dumme trekk undervegs, må ein sjå at dette også har positive sider. Opi- nionen oppfatta at dette umogeleg kunne vere til beste for elevane. Når vi fokuserte på behova til elevane for ein god skule, tok folk flest poenget. Også KS kan lære Når nokon spelar besserwisser og dei som kan jobben, ser at her er kunnskapen om røyndo- men mangelfull, kan ein flire av besserwissaren. Men ein kan òg vere velvillig positiv og tenkje at alle kan opparbeide seg betre innsyn og forstå- ing. Eg har ein kjepphest, som eg trur vil gje gode resultat: Få til eit opplegg for folk i KS slik at dei kan få praktisere i norsk skule, i 100 prosent stil- lingar og med ein normal dose med krevjande elevar, gjerne med ein ekstra. Opplegget må vare minst ein månad, gjerne meir, og jamlege samta- lar undervegs med andre tilsette på skulen gjev høve til både å spørje og diskutere. No er det mykje

snakk om at tillit må byggjast opp att etter streiken. Det ville vere eit positivt bidrag frå KS å stille opp i slike praksisperiodar med eit ope sinn og forvent- ningar om at det ville gjere dei til betre tilsette i KS. Denne modellen kan brukast i svært mange samanhengar. Men då må besserwissarar vedgå at dei treng betre innsyn og forståing. Og så skal det visst gjere godt i dei fleste konfliktar at mot- partar møtest ansikt til ansikt, og truleg vil sjå at motparten har positive sider også. Elastisk 1687,5-sekk 1687,5 timar høyrest ut som eit svært presist sys- tem. Arbeidsoppgåvesekken for lærarar har plass til 1687,5 timar. Tenk at du legg alle oppgåvene ved sida av sekken før du begynner å fylle oppi den. Vart der ledig rom, eller vart det ikkje plass til alle oppgåver? Lagar du 1687,5-timarssekken av elas- tisk stoff, kan du presse meir og meir i den. Sei at vi har eit avtaleverk som akkurat fyller sekken. Nokon kjemmed 10 timar nye oppgåver. I prinsip- pet skulle det vere greitt for begge partar å vere einige om at skal desse oppgåvene oppi sekken, så må 10 timars arbeid takast ut. I praksis er det ann- leis. Skulen har ein god del erfaring med at lærarar finn tid til nye oppgåver. Tek du den, så tek du den! Dei som kjemmed nye oppgåver, vert ikkje min- dre ivrige til å kome med fleire ved at dei slepp å betale for det nye arbeidet. Her får lærarorganisa- sjonane ta sin del av ansvaret for denne utviklinga. Leseplikta Lærarorganisasjonane må stå fast på at ulike akkordbitar står fast inntil nye avtalar er forhandla fram. Leseplikta er ein hovuddel av akkordsyste- met. Eit skuleår har 38 undervisningsveker. Døme: Eit fag har ei ramme på 4 veketimar med 19 timar leseplikt for faget; Faglæraren som har klassen, utfører 4/19 av årsverket sitt ved å ha klassen dette året. Fekk faglæraren sine fire timar kvar veke, ville vedkomande undervise 4 x 38 = 152 timar. Nokre år førde eg nøye opp kva timar eg fekk til å arbeide med faget mitt. Som pensjonist sidan 2007 kjenner eg ikkje dagens skule. Men om tala er noko endra, er poenget heilt sikkert fram- leis tungt. Eg fann at om lag 20 prosent av timane mine i kvart fag gjekk til anna; Studieøkter var ein stortjuv dei åra dette var praktisert. Andre var heil- eller halvdagsprøver, ekskursjonar, besøk av ymse kulturomreisande, Operasjon Dagsverk med Internasjonal dag. For avgangsklassar tok eksamen mange timar. Her gjeld det å vere konsekvent og prinsipiell; Når faglæraren har ført klassen fram

i faget, har vedkomande utført 4/19- deler av årsverket. Skulle faglæraren ta andre timar når klassen driv med anna, ville det gje 20-30 fleire timar for same løna. I tider då arbeidskjøparen er på offensiven, skal ein vere budd på alt. Synleggjering For mange år sidan vart det argumentert i lærar- organisasjonar med at vi måtte få aksept mellom folk flest for at vi arbeidde den tida vi skulle; vi måtte synleggjere arbeidet vårt. Argumentasjonen bygde på at folk skulle vere så negative til arbeids- tida til lærarane; Bjørn om vinteren og lærar om sommaren. Eg hugsar reaksjonen til ein ambisiøs realfagskollega, som sjølv la stor vekt på at elev- ane måtte få rask tilbakemelding for å maksimere utbytet av læringa; «Synleggjere? Ja, visst; alle er velkomne til å sitje saman med meg ut over kvel- dar og ein god del netter for å sjå kva eg gjer. Men det skulle vere synleggjering nok at klassen raskt får att heildagsprøven sin.» Slik defensiv tenking er vi ferdige med. Kartlegging I forhandlingar er det godt å ha grundig kunnskap om det ein forhandlar om. I valkampar er det ikkje grenser for kor viktig skulen er. Og som ventande er vil dei som ber om val/attval til Stortinget, altså lovgjevarane, fremje det lovlydige samfunn. Tidstjuvar skal takast! Det

48 | Utdanning nr. 18/31. oktober 2014

Made with