Utdanning nr. 18 - 2016

Innspill

Med stjernehimmelen i ein bag

Stjernehimmelen ein skyfri vinterkveld kan vere eit syn som set seg i minnet.

halvtime, og stjerneteltet har plass til ei skule- klasse og nokre vaksne. Ein tre kvarters skuletime per klasse fungerer ok. Min tematikk har vore til- passa ulike alderssteg og oftast sett saman av tre emne: ein naturleg stjernehimmel med stjerner, planetar, måne og nokre godt kjende stjernebilde. Vidare den greske mytologiske stjernehimmelen med dei tolv stjernebilda som sola vitjar (zodia- ken). Og dessutan «Sarva» – den samisk-myto- logiske stjernehimmelen. Kva skil planetariet frå elles god klasseun- dervisning? Opplevinga av å sjå, «eg trudde me sat ute på marka og såg stjernehimmelen, seier ei jente spontant idet lyset kjem på og stjernene bleiknar bort. Nettopp det er forskjellen: Ein er ute under open himmel, bokstavleg tala. Og det er klarvêr kvar einaste dag. Skulebesøk Spørsmålet om å kome på skulebesøk kom av seg sjølv, for straks me hadde demonstrert planetariet i gymnastikksalen på Barstadvik skule våren 1990 og lokalavisa formidla saka, kom spørsmåla om skulebesøk, og dei varar ved. Mest har eg vitja 4. og 7. klassar, men og ung- domsskuleklassar, vidaregåande skular og ofte også barnehagar. I to særs aktive skuleår turnerte eg saman med to lærarstudentar for «Kultursek- ken». Då var me systematisk innom alle grunn- skulane i Kristiansund og Molde og fleire andre kommunar i Møre og Romsdal. Lærarstudentane som vart med på turnéane, lærte snøgt å demonstrere stjernehimmelen for borna. Og det astronomiske stoffet kom på plass etter eit par-tre dagar. Ved fleire skular møtte eg lærarar som hadde arbeidd så mykje med astro- nomi-emna at dei etter kvart leigde stjerneteltet og underviste alle klassane som var interesserte. Ja, i nokre høve reiste desse kring på naboskular og underviste der òg. Behov for fleire stjernetelt I Telemark ein gong på 1990-talet sa elevane at «dette var den kjekkaste o-fagstimen dei hadde hatt!». Læraren deira reiste prompte til USA og kjøpte heim eit pent brukt stjernetelt med utstyr. Og slik har det dei 25 åra stjerneteltet mitt har vore i bruk, kome til ti-femten, kanskje over tjue stjer- netelt til Noreg, spreidd utover landet både i nord og i sør. Men det er behov for fleire!

Torbjørn Urke pensjonert høgskulelektor

FOTO PRIVAT

I store byar finst det planetarium; store kinosa- lar som simulerer stjernehimmelen med stjerner, planetar og stjernebilde gjennom året på ulike breiddegrader. Men å ta med klassen til London planetarium er ikkje så enkelt å få til. Ein og annan av dei største norske byane har no naturfagsenter som kan by på enkle visingar av planetarium for skuleklassar. Men langt dei fleste skuleklassar i Noreg kjem neppe innom eit naturfagsenter i løpet av grunnskuletida si, så eit mobilt stjernetelt kan vere eit veleigna pedagogisk hjelpemiddel. Ved hjelp av eit «stjernetelt» eller eit såkalla mobilt planetarium, har eg gjennom 25 år frakta med meg ein kunstig stjernehimmel som kan blåsast opp til tusenvis av barn og unge, vaksne òg, ja endåtil fagastronomar, alle sitjande på flate golvet i ein gymnastikksal. Eg kom til skulen med heile utstyret; tre kolli i min vesle Opel; ei vifte, ein stjernesimulator og eit telt på rundt 65 kg som kan blåsast opp. Å rigge opp i gymnastikksalen tek ein liten

På innsida av det mobile planetariet kan elevane studere stjernehimmelen. FOTO STARLAB

38 | UTDANNING nr. 18/28. oktober 2016

Made with