Utdanning nr. 18 - 2016

Minneord

Ragnar Pedersen

Den 6. september tok vi farvel med læraren, musikkskolerektoren, kordirigenten og soloson- garen Ragnar Pedersen. Buksnes kyrkjekor, som Ragnar har vore med i frå starten, song og gjorde minnet om ein trufast songar levande. Mykje folk fylgde til grava på Vik kyrkjegard. Ragnar Pedersen var frå Harstad, der har hadde sin skolegang fram til artium. Han tok eksamen ved lærarskolen på Nesna i 1956 og var lærar i Harstad før han og kona, Åshild Sjøen frå Vestvågøy, flytte til Brunlanes og underviste der i ti år. Ragnar var også eit og eit halvt år i USA som lærar. Familien flytta i 1975 til Vestvågøy og busette seg på Åshilds heimstad Holand. Ragnar vart fast tilsett ved Leknes skole i 1976. Frå 1978 var han inspektør II ved skolen. Då Vestvågøy musikkskole vart oppretta i 1985, var Ragnar Pedersen ein av søkjarane til rektorstillinga. Med si solide utdan- ning, songlærareksamen og allsidige praksis både med song og instrument, fekk han stillinga. I mars 1986 sa han opp stillinga ved Leknes skole, og Ragnar var den som bygde opp musikkskolen. Hans gode kunnskapar i engelsk kom godt med, for det var ikkje berre norsktalande lærarar som kom til musikkskolen. Han tok svært godt i mot sine tilsette og hjelpte dei til rette. Han var også ein god administrator som hadde orden både på økonomien og tilsettingspapira. For oss som stod han nær i arbeidssituasjonen, både som rektor og dirigent, er det minna om den humoristiske historieforteljaren med det smilande nikket som står sterkast.

Han Ragnar har flytta frå bygda vår her. Vi saknar han sårt. Han gav oss så rikeleg i ly og i lag i samfunnet vårt. Han visste så mykje, den kunnskapens mann! Han delte så raust, og lærar det var han med hjarte og hand ein heidersmann traust.

som få, og det var alltid interessant og lærerikt å samtale med han. Han hadde evne ikkje berre til å analysere ein situasjon, men òg å trekkje dei store liner og gi ein konklusjon. Utanom arbeidet med song og musikk var Rag- nar Pedersen med i misjonsarbeid, Landslaget for rusfri oppvekst og Norsk Gideon. Norsk Gideon har mellom anna som oppgåve å dele ut Det nye testamentet til elevar i ungdomsskolen. Ragnar Pedersen var ein meister i å peike på det Bibelen har hatt å seie for vårt samfunn, både når det gjeld musikk, litteratur, kunst og etikk. Vi er takksame for det Ragnar Pedersen har gitt oss her i Vestvågøy! Minnet om den sterke songr- øysta hans med den mjuke klangen vil fylje oss som solljose sommardagar inn i ei ukjend framtid.

Men takksame står vi ved avreise-dag med sorga så nær, og takkar for alt som vi hadde i lag. Du var oss så kjær! Av alt det du gjorde og alt det du gav til Lofotens strand vil lengst leve songen, eit tonande hav i minna sitt land! Du peikte så ofte på Bibelens ord som sanninga har. og no kan du syngje i Himmelens kor der bøna får svar!

Ragnar sette pris på lyrikk. Eg avsluttar difor med diktet «Farvel til Ragnar Pedersen».

Farvel til Ragnar Pedersen

Medan sommaren går imot hutrande haust syng fuglar farvel. Dei flyg i frå fjell og fjord, frå nov og naust frå greiner og gjel. Og songen vert borte og stilla kjem nær – då tankane trør, og vegane finn til ein solsommar kjær – til alt som var før. Ein «songfugl» frå øya har sagt sitt farvel. Vi saknar hans song. Vi har han i tanken kvar sorgsame sjel – til tonen har trong.

Ballstad, 23. september 2016 I takksemd

Johannes Hope

Ragnar Pedersen var ein smålåten mann som møtte alle med eit ope smil. Han var kunnskapsrik

54 | UTDANNING nr. 18/28. oktober 2016

Made with