Første Steg nr. 1 -2016

AKTUELT SPRÅKKORT

Ved denne barnehagen går dei også gjennom namna til alle barna under samlinga, og mange kjenner att bokstavane både i sine eigne og andre sine namn.

Dagleg leiar i Velledalen Naturbarnehage, Torild Hole, er nøgd med Bravo-leken, og seier dei vil halde fram med å vise desse korta til barna, som eit ledd i å fremje språkforståinga deira.

–Kan de peike på konkrete resultat av å bruke Bravo-leken? – Vi ser ein auke i talet på barn som kan å lese allereie i barnehagen, men kan ikkje svare på om det skuldast inn- sats i heimen, i barnehagen eller i ein kombinasjon av desse. Men det vi veit, er at interessa for bokstavar og ord har blittmykje større. I tillegg ser vi at barna kosar seg, seierHole og pedagogisk leiar Renate Martha Skjortnes. LESTE SOMTREÅRING Det er spesialpedagog Heidi Aabrekk som står bak Bravo-leken. Ho fortel at det førebels ikkje finst konkrete studiar som kan dokumentere effekten av den. –Men i Andøy kommune såg vi redusert behov for spesialpedagogikk i 1.- og 2. klasse, etter tre år med ekstra tidleg innsats i barnehagane. Bravo-leken var eitt av fleire grep kommunen tok, seier Aabrekk. Leiar for PPT i Andøy, Dag Erik Hovlund, stadfestar dette. – Vi kan ikkje vite konkret kva ned- gangen i behovet for spesialpedagogikk skuldast, men Bravo-leken er eitt av mange tiltak somvi trur har hatt positiv innverknad, seier Hovlund. No harmetoden hamna på forskarane

sine pultar. –Bravo ermed i eit treårig forskings- prosjekt gjennom Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ein ser på effekten av Bravo-leken opp mot andre verkty for tidleg innsats, seier Aabrekk. Ho oppdaga sjølv denne pedagogiske tilnærminga i USA, etter at ho fekk ein son fødd med alvorleg hjerneskade. – Legane i Norge sa det ikkje var håp om at han kunne lære å kommunisere, men allereie som treåring kunne han lese. Forskinga viser oss at det er fram til treårsalderen dei fleste koplingane i hjernen blir laga. Det er då lærings- potensialet er størst, og her bør vi ha ei aktiv tilnærming, ikkje ein vente og sjå-taktikk, seier Aabrekk. PRESS ELLEREI? –Både foreldre og barnehagane har sterke ønske om at barna skal klare seg så godt sommogleg når dei skal over i skulen. Har de her bygd opp eit pedagogisk program somspelar på desse intense ønska, for slik å tene pengar på det? – Vi er sosiale entreprenørar som ønskjer å fremje læring. Vi byggjer arbeidet vårt på den kunnskapen vi har om hjernen. Som spesialpedagog er det

Ved Velledalen Naturbarnehage har dei gjennom Bravo-leken også knytt til seg ekspertise innan matlaging, og når dei skal ete lunsj i det fri, lagar Renate Martha Skjortnes (t.v) og Kristine Lovise Eliassen blomkålsuppe frå grunnen av.

18 | første steg nr 1 | 2016

Made with