Første Steg nr. 1 -2016
Pedagogisk leiar Anita Nakken køyrer Bravo-leken for dei mellom 0–3 år ved Velledalen Naturbarnehage, og det er særskilt i denne aldersgruppa potensialet for læring er stort.
om bravo-leken • Selskapet Intempo AS, med base i Sandane i Sogn og Fjordane, står bak Bravo-leken. • Spesialpedagog og gründer, Heidi Aabrekk, omtalar selskapet som ein sosial entreprenør, som koordinerer kunnskap om barn si tidlege hjerneutvikling. • Intempo AS sittmål er å jobbe for ein heilskapleg pedagogisk innovasjon for barn mellom0-3 år. • Gjennom bruk av ord-, bokstav-, bilete- og faktakort, søkjer ein å stimulere dei minste si språkutvikling. Sanseopplevingar og
satsinga på Bravo-leken som ligg hjartet mitt nærast. Når det gjeld den bedrifts- messige biten av det heile, er vi framleis avhengige av stønadar for å kunne drive selskapet, seier Aabrekk. – Bravo-leken har blitt kritisert for å kunne føre til prestasjonspress blant barn allereie før dei er fylt tre år. Er det fare for det ? – Det finst ikkje prestasjonskrav i Bravo-leken, og tilbakemeldingane vi får frå barnehagane er at det er stor inter- esse blant dei små omå veremed. Det er snakk omå brukemellom10 og 15minutt på dette kvar dag, og barna har framleis mykje rom for fri leik, seier Aabrekk. MÅEVALUERE Pedagogikkprofessor ved Høgskolen i Hedmark, Thomas Nordahl, seier det er fullt mogleg at Bravo-leken kan ha ein effekt. –Opplegget ser veldig systematisk ut, og det er bra når det gjeld språkstimule- ring. Utfordringa er at det finst mange gode intensjonar, og dermed ogsåmange tiltak ein kan veljemellomoverfor barna. Difor er det viktig at vi får gode evalu- eringar av desse tiltaka, slik at vi vel rett, seier Nordahl.
fysiske aktivitetar skal og brukast for å gi ord og setningar innhald. • Verktyet skal fremje språkutviklinga blant dei minste gjennom å auke ordforrådet, betre forståinga for kva orda betyr, auke språkleg medvit og gi barna motoriske utfordringar. • Poengtert at ekstra tidleg og heilskapleg innsats kan førebyggje lese- og skrivevanskar. Kjelder: bravoleken.no, Heidi Aabrekk
Gründer av Bravo-leken og spesialpedagog Heidi Aabrekk seier forsking viser at tidleg læring gir betre læring. Foto: Ellen Lande Gossner
første steg nr 1 | 2016 | 19
Made with FlippingBook