Første Steg nr. 2-2014

Foto: ©Hunta

skulestart

barn skal få ein fridom til eigenaktivi- tet og leik og ein fridom frå tvang. Auka institusjonalisering var sett på som eit problem, innesperringa av barn var eit debatt-tema. Skulen vart i dei ekstreme tilfella oppfatta som ein stad der barn tok skade. Omgrepet skulsk vart nytta nærast som eit skjellsord. Til dette komei omfattande forsking som tydde på at barn ikkje har godt av å verte sett for tidleg inn i formelle og krevjande læringssituasjonar. Det var få fagfolk somdirekte forsvarte å senke alderen for skulestart, drivarane var først og fremst politikarane. Dei fagfolka som engasjerte seg for skulen la vekt på kor robuste barn er, og kor stor lærings- kapasitet dei har. Resultatet vart som kjent at vi fekk ei formulering omat den nye skulen skulle innehalde det beste frå barnehagen og det beste frå skulen. Konkret tydde det at den strukturerte læringa skulle dempast ned i det første året. Mellom anna skulle den formelle leseopplæringa vente til år to. Det første året skulle vere mykje likt måten barnehagen arbeidde på. Difor bygde kommunane om skulane sine slik at dei nye elevane fekk andre typar rom, meir som i barnehagen. Det var slik nokre få år, heilt til vi rett etter årtusenskiftet fekk resultat somviste at elevane våre var dårlegare lesarar enn elevar frå mange andre land. Då var det beste frå barnehagen ikkje lenger så viktig, og departementet bestemte

at leseopplæringa skulle ta til i første klasse. PÅSTANDUTAN DOKUMENTASJON Den store innesperringa av små barn er ikkje lenger eit tema. Nesten alle barn over tre år går i barnehage. Kvifor kan ikkje eit barnehagetilbod tene formålet? Svaret då som no er at barnehagen ikkje gir eit godt nok tilbodmed tanke på å sikre barna eit godtmiljø for læring og utvikling. Då som no er det ein påstand utan dokumentasjon.

Tvert om, det finst mykje forsking som viser at barnehagen gir eit svært positivt bidrag til barna si læring og utvikling. Den næraste løysinga synest difor å ligge i å styrke barnehagen, og å sørgje for at alle barn går der.

Denne artikkelen stod òg på trykk i Vårt Land 29. januar i år.

første steg nr 2 | 2014 | 11

Made with