Første Steg nr. 2-2014

Ikkje heilt likt BLU-studiet utgjer 180 studie-poeng, men oppbyggjinga vil kunne variere frå høgskule til høgskole. Heller ikkje mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, i Sogn- dal, og Høgskulen i Volda, som ligg i Møre og Romsdal, er det heilt likt. Slik så 1. studieår ut for BLU-studentane i pilotprosjektet i Sogndal, studieåret 2012/2013: Barns utvikling, leik og læring, 30 studiepoeng; Språk, tekst og matematikk, 20 stp.; Natur, helse og rørsle, 10 stp. I tillegg kjem tid til praksis i barnehage. (1. studieår for førsteklassen 2013/2014 er nesten likt, men ikkje heilt.) Slik ser 1. studieår ut i Volda studieåret 2013/2014: Barns utvikling, leik og læring, 22,5 stp.; Natur, helse og rørsle, 20 stp.; Samfunn, religion, livssyn og etikk, 20 stp. I tillegg kjem praksis.

Slike variasjoner vil vere vanlege; BLU utgjer ei ramme, men lærarkollegia rundt om kan sjølve byggje studiet innafor den overordna ramma. AS

Andre blir ikkje samde seg imellom omdet blir for lite pedagogikk, eller om pedagogikken tvert om går ut over faga (som ikkje er ti fag lenger, men seks kunnskapsområde). Men det er rett å seie at alle i Sogndal er optimistar, dei trur dei vil få det til, og dei er godt på veg – det dei ber om er tid nok! Studieleiar AudMarie Stundal argu- menterteslikforBLU:–Vitalarombarne- hagelærararen som en fagleg leiar med fagleg tyngde. Barnehagelæraren har spisskompetansen andre ikkje har. Gjen- nom BLU må vi tydeleggjere kva som er minimum av kompetanse ein person treng for å få lov til å arbeide med barn i barnehagen. Dertil vil ho ha fleire barnehage- lærarar, større pedagogtettleik: – Det blir ikkje noko spennande og pulserande fagmiljø i ein barnehage med berre ein eller to barnehagelærarar. VOLDAVILHEVE SEG Førstekompetansen blant dei tilsette ved førskulelærarutdanninga vedHøgskulen i Volda blei avNasjonalt organ for kvali- tet i utdanninga (NOKUT) vurdert som ikkje heilt god nok i NOKUT-rapporten som kom hausten 2010. – Det tok dei tilsette på alvor, seier Anne Øie, prodekan ved BLU. Dei skriv

meir, dei forskar meir, dei deltek meir på konferansar, og førstekompetansen er blitt heva. Dei har teke alvoret med seg inn i oppbyggjinga av BLU. Det første utdanningsåret ved BLU var enno ikkje fullført då dei tre repre- sentantane frå følgjegruppa var på besøk. Alle, ikkje minst studentane, skryt av vektleggjinga av leiarskap. «Eg som leiar» er eit eige tema og ein gjengangar gjennomstudiet. Også faglæraranemei- ner BLU er på rett veg med leiarskap i fokus og byggjing av profesjonsidentitet. Representantane frå praksisfeltet seier at studentane tydeleg viser at dei utdannar seg for å bli leiarar, noko også dei tykkjer er bra. Dei meiner også at studentane legg for dagen ein tydeleg profesjonsidentitet og at dei er gode til å ordleggje seg og til å presentere ei sak. De same representantane er ikkje like nøgde med samarbeidet med høg- skulen. Dei meiner det må bli betre, og trur det vil bli betre, når ein berre tek tida til hjelp. For eksempel meiner dei at førehandskommunikasjonenmellom høgskule og praksisbarnehage ikkje har vore god nok. Samstundes seier dei: – Alt i alt bra! Faglærarane, framfor alt, etterlyser meir tid til planleggjing og meir ressur- sar i formav timar –med andre ordmeir pengar. AS/tekst og foto

fekk dei same studentane attende gjen- nom fleire praksisperiodar, og ho rosa samarbeidetmed faglærarane vedHiSF om praksisperiodane. Studentane tala også varmt for prak- sis, og dei kommenterte at praksisen blei ekstra verdifull i dei stundene når fag- lærarar frå høgskulen og praksisansvar- leg i barnehagen var til stades samtidig. BLU-studentane og representantane frå praksisfeltet er altså godt nøgdemed situasjonen. Studentrepresentantene i panelet seier dei godt kan sjå saman- hengen mellom det dei lærer teoretisk og det dei skal arbeide med i praksis i barnehagen og i barnegruppa. Dei fagleg ansvarlege ved høgskulen ermeir ambivalente. Først og fremst ber dei ommeir tid. Dei tykkjer ikkje dei heilt har funne forma på det det skal arbeide med. Nokre er engstelege for at prak- tiske ferdigheiter skal bli gløymde i all teorien, deimeiner det ikkje blir tid til å praktisere dei praktisk-estetiske faga, til dømes –nokrebrukteordet «krise». «Blir studentane betre leiarar, samtidigmed at dei kan færre songar enn før?» someinsa. SOGNDAL: Studieleiar Aud Marie Stundal håpar BLU vil gi barnehagelærarane ei status- heving, mellom anna sa ho: – Vi må tydeleggjere kva som er minimumskompetansen for å få lov til å arbeide med barn i barnehagen.

første steg nr 2 | 2014 | 23

Made with