Første Steg nr. 3-2014

NYE BØKER

Dion Sommer Barndomspsykologi – Små barn i en ny tid Fagbokforlaget 2014 (2. utgave) ISBN 978-82-450-1474-7 499 kroner

Nytt syn på barns utvikling I boka Barndomspsykologi – Små barn i en ny tid argumenterer professor Dion Sommar ved Aarhus Universitet for at det har skjedd eit paradigmeskifte i utviklingspsykologisk forsking. Ei bok vel verdt å lese, meiner vår bokmeldar.

DETRELASJONELLE PERSPEKTIVETOGLÆRING NEDANFRÅ I den barndomspsykologiske tilnær- minga vert barn si tileigning av kultur eit viktig tema. Sommer drøftar dette i eit eige kapittel der framstillinga vekslar mellom teoretiske moment og konkrete observasjonar, blant anna frå barnehagen. I ein eigen del om læring i kvardagen slår han fast at John Dewey (amerikansk pedagog, psykolog og filo- sof, 1859–1952) sitt prinsipp om «lear- ning by doing» også gjeld for små barn. Barn lærer ved å delta, og det er i barna sine handlingar i samspel med andre vaksne og barn som set oss i stand til å tolka kva det vil (intensjonalitet), saman med kven (sosialitet), korleis dei vert emosjonelt påverka (emosjonalitet), og korleis prosessen inneber endringar i åtferdsmønster (læring). Gjennomdette påpeikar Sommar eit anna viktig trekk ved det nye paradigmet: det relasjonelle perspektivet. I dag ser ein på mellom- menneskelege prosessar som særleg viktige for å forstå korleis barn utviklar og endrar seg. I denne samanhengen drøfter han også tomotsette syn på læring: ovanifrå og ned eller nedanifrå og opp. Det finst teoriar og metodar som støttar begge

School of Business and Social Sciences, ved Aarhus Universitet, argumenterer for ei kontekstualisert forståing av barns utvikling. Fokuset her er meir på den sosiale og emosjonelle røyndommen sombarnet lever i ogmindre på barnet si kognitive utvikling, sjølv omheller ikkje den vert neglisjert i nyare forsking. Den kontekstualiserte forståinga markerer han med termen barndomspsykologi til skilnad frå tradisjonell barne- eller utviklingspsykologi. Han summerer opp viktige trekk i denne meir tverrfaglege tilnærminga gjennom ni tesar. Sentralt her er at barns kvardagsliv utspelar seg i eit komplekst system av sosiale situasjonar, og at det lever livet sitt på fleire ulike utviklingsarenaer. Det inne- ber blant anna at barnet er avhengig av kva kulturen tilbyr. Dermed vert kom- petanseutviklinga knytt til den lokale konteksten. Barndomspsykologi har som siktemål å forklara barnet si utvikling både ut ifrå fellesmenneskelege trekk og ut ifrå sosiale og kulturelle særtrekk.

OTTO LAURITS FUGLESTAD (olfugles@online.no) er professor emeritus i pedagogikk ved Universitetet i Bergen (privat foto).

Fram til 1960- og 1970-åra var det teo- riane til Sigmund Freud (austerriksk lege og psykolog, grunnla psykoanaly- sen, 1856–1939) og JeanPiaget (sveitsisk psykolog, 1896–1980) som dominerte. Ifylgje desse universelle teoriane gjennomgår alle barn bestemte fasar i utviklinga fram mot vaksen alder: oral, anal, fallisk fase (Freud), og Piaget sine stadium i kognitiv utvikling frå konkret til abstrakt tenking. På 1980- og 1990- talet og inn i det nye år tusenet har det kome forsking som teiknar eit mykje meir samansett bilete. Her spelar ulike sosiale og kulturelle forhold ei sterkare rolle, og likeeins barnet sine føresetna- der for å påverka si eiga utvikling. DionSommar, professor i utviklings- psykologi ved Psykologisk Institut,

60 | første steg nr 3 | 2014

Made with