Utdanning nr 04-2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar

FOTO TOM-EGILJENSEN

Profesjon og styringspress

«Profesjonsrolla er lærarane sitt fundament for samspelet med sine leiarar.»

«Sterke allianser mellom politikere som vil hindre at «alt overlates til tilfeldighetene» (les: alminnelige barnehager med alminnelige førskolelærere), og fagmiljøer som oppnår faglig prestisje ved å gi politikerne det de vil ha, forklarer langt på vei hvorfor mange kommuner pålegger barnehagene å bruke standardiserte kartleggingsverktøy.» Slik skriv førstelektor Mari Pettersvold og førsteamanuensis Solveig Østrem i kronikken «Problembarnehagen» (Klasse- kampen 11/2-2014). Fenomenet Pettersvold og Østrem her presist omtalar, finst i heile utdanningsfeltet. Det handlar om kommunal overstyring av profesjonelt skjønn. Det mest omtalte dømet i det siste har vi hatt i Sande ord, der lærarar har nekta å fylle ut eit kommunalt elevvurderingsskjema. Utdanning er tungt inne på den samfunnspolitiske dagsor- denen, både på riks- og kommunenivå. Mange ønskjer å heve kvaliteten. Det er i og for seg utmerka, men vert komplisert når politiske og administrative aktørar, med ståstad utanfor barne- hagen og skulen, ikkje nøyer seg med rollen som støttespelar og tilretteleggjar: Dei har i stigande grad også presise meinin- gar om kva som skal til og lager detaljerte planar, som så blir vedtatt politisk, om kva som skal gjerast og kva dei skal oppnå. Så vert det bygd målstyringsregime som skal sjå til at resultata blir som i vedtaka. Dette er ei farleg utvikling. Ho underminerer mulegheita til å arbeide som profesjonell skjønnsutøvar for leiarar og lærarar i barnehage og skule. Ho truga med å etablere styring på område der det profesjonelle skjønn skal rå grunnen.

finst i lov og planverk kan bli følgde opp i den daglege yrkesutø- vinga. Forventningane skal fortolkast, den aktuelle situasjonen skal fortolkast, og læraren må avgjere kva som lyt gjerast. Så enkel og så vanskeleg er profesjonsrolla til lærarane. Det er dette som er profesjonell skjønnsutøving. Det er dette staten delegerer til lærarane å setje i verk. Og det er dette leiarane skal kvalifisere og støtte sine lærarar i. Då trengst ein tett, ambisiøs og kritisk dialog mellom leiarar og lærarar. Det som ikkje trengst, er at denne type tillitsfull profesjonell dialog vert erstatta med styring. Profesjonsrolla er lærarane sitt fundament for samspelet med sine leiarar. Som profesjons- utøvarar er vi alle – både lærarar og leiarar – forplikta på dei mål og intensjonar som ligg i lov- og læreplan og andre sentrale styringsdokument utleia av desse. Våre grunngjevingar i den profesjonelle dialogen må hentast frå desse kjeldene. God leiing vil seie å etterspørje og utfordre, men også å stimulere og støtte, nettopp til dette. Slik leiing vil lærarar ha. Slik leiing skapar gode barnehagar og skular. Alternativet blei skarpt formulert av professor Per Fugelli i Aftenposten 6/2-2014: «I år viet NHO sin store årskonferanse til «Læringslivet» og forlangte på vegne av næringslivet: «bedre styring av utdanningsstrømmene i høyere utdanning». Hører dere tonen av stim og oppdrett?» Pettersvold og Østrem konstaterer at profesjonelt skjønn vert framstilt som at «alt overlates til tilfeldighetene». Styringsivrige politikarar, heia fram av NHO, ivrar for å erstatte dette med «stim og oppdrett». Slik opplever mange lærarar situasjonen. Den vil ikkje tene barn og elevar. Den vil heller ikkje tene ver- ken nærings- eller samfunnsliv. Derfor reagerer dei. Vi vil gan- ske sikkert sjå fleire konfliktar som den vi har sett i Sande ord.

Det er den enkelte barnehagelærar og lærar si profesjonelle plikt heile tida å finne sitt svar på korleis forventningane som

72 | UTDANNING nr. 4/21. februar 2014

Made with