Utdanning nr 12-2014

Kronikk

Førebygging av valdtekt:

Kva er barnehagen og skolen si oppgåve?

Eg vil i denne artikkelen gå inn på den gjeldande «Handlingsplan mot voldtekt 2012-14», frå Justis- departementet.

for vårt arbeid. Kvinnediskrimineringskonvensjo- nen sin artikkel 1 gir rett til vern om integritet og artikkel 2 pålegg konvensjonspartane å avskaffe kvinnediskriminering. Vald mot kvinner blir i denne samanhengen rekna som kvinnediskrimi- nering i konvensjonen sin forstand. Statane er for- plikta til å førebyggje, etterforske og straffeforfølgje kjønnsbasert vald, medrekna valdtekt. Undersøkingar om valdtekt Det er ikkje gjort noko nasjonal representativ undersøking over omfanget av valdtekt i Noreg. Estimerte tal på valdtekt og forsøk på valdtekt, ligg på mellom 8000 og 16.000 (5). I ein studie frå Oslo i 2004, kom det fram at 16 prosent av kvinnene og to prosent av mennene hadde vorte trua eller tvunge til sex. I 2011 vart det registrert 1221 politi- melde valdtekter og valdtektsforsøk på landsbasis. (3, s. 9) Det som er heilt sikkert, er at mørketala er store. For svært mange vil opplevinga av skyld og skam vere så stor at overgrepet ikkje blir poli- timeldt. Mange av dei som politimelder, opplever den prosessen som svært traumatisk. (5) Dei helsemessige konsekvensane av valdtekt er dramatiske. Studiar viser at dei som har vore utsett for overgrep, opplever plager både av fysisk og psykisk karakter i etterkant. Overgrep kan føre til depresjonar, sjølvmordstankar, tap av tillit til andre menneske og sosial tilbaketrekking. Under- søkingar tyder òg på at slike opplevingar gir auka risiko for å utvikle rusproblem og for å bli utsett for nye overgrep. Med slike plager vil dei fleste få større utfordringar med å takle utdanning, arbeid og livsoppgåver. (3, s. 10) Kven blir utsett for valdtekt? Både i «Handlingsplan mot voldtekt 2012-2014» frå Justisdepartementet, og i politiet sin rapport om valdtektssituasjonen i 2012, blir det slått fast at dei fleste offer for valdtekt er kvinner og dei fleste gjerningspersonane er menn. (3 og 5) Vidare viser fleire undersøkingar at unge kvin- ner i slutten av tenåra og i starten av tjueåra er langt meir utsett for valdtekt enn andre kvinner. Om dette seier handlingsplanen: «Når unge kvinner er mer utsatt for voldtekt enn resten av befolkningen, og mange av de som begår seksuelle overgrep mot unge kvinner er unge menn, er det behov for å fokusere særlig på

Arna Meis ord pensjonist, tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna, no prosjektleiar for studiet «Vold mot kvinner - Retten til et liv uten vold»

ILLUSTRASJON LarsAurtande | lars@aurtande.no

FOTO MARTINJØSEVOLD

Eg vil vise til dei undersøkingane som her blir referert for å underbyggje behovet for handlings- planen, og eg vil trekkje fram argumentasjonen for at barnehage og skole har ei oppgåve i å arbeide førebyggande mot valdtekt. Eg vil vise til kjelder som syner at kvinner og menn har ein ulik posisjon i samband med valdtekt og at vald mot kvinner er eit hinder for likestilling mellom kvinner og menn. Vidare vil eg gå inn på det samfunnsmandatet som forpliktar skole og barnehage i denne samanhen- gen, og avslutningsvis vil eg peike på behovet for ein ny handlingsplan for likestilling i barnehage og skole. Valdtekt er alvorleg kriminalitet Valdtekt påfører den som blir krenkja, store lidin- gar og helseskadar. Valdtekt rammar ikkje berre dei som konkret blir utsett for overgrep. Valdtekt spreier angst og manglande tryggleik. Indirekte blir alle kvinner ramma av manglande tryggleik, og dei mange menn som kjenner otte for sine døtrer, sine kjærastar, sine mødrer og søstrer, vil kjenne på denne angsten. Straffelova er det rettslege grunnlaget for å straffe valdtekt. Frå 2000 vart straffelova endra slik at det og er ulovleg å ha seksuell omgang med nokon som ikkje er i stand til å setje seg imot over- grepet, til dømes der offeret er sovande eller i sterk rus. Den øvre strafferamma for valdtekt er fengsel i inntil 10 år. I særlege tilfelle kan det idømast feng- sel i inntil 21 år. Noreg har slutta seg til ei rekke internasjonale konvensjonar som gir føringar for kampen mot valdtekt. FN sin kvinnekonvensjon vart del av menneskerettslova i juni 2009 og er det viktigaste instrumentet for å sikre kvinner sine rettar i Noreg. FN sin barnekonvensjon og Europarådskonvensjo- nen om førebygging og kamp mot vald mot kvin- ner og mot vald i nære relasjonar, er forpliktande

«Dei helsemessige konsekvensane

av valdtekt er dramatiske.»

>

52 | UTDANNING nr. 12/20. juni 2014

Made with