Utdanning nr 13-2014

Farvel til Powerpointen?

si lærarkarriere. Var det kan hende berre denne undervisningsmåten dei lærte av oss? Kva er det med denne Powerpointen som på ein måte gjer seg ut for å innehalde alt du kan trenge av kunnskap og ny innsikt? Den finst overalt, på seminar, på styremøte, i kommunehus og i regje- ringskvartal. Det er noko med forma. Den står fram i stadig nye utformingar. For den usikre fore- dragshaldar er det trygt å stø seg til sine fargesterke blå lysark. Dei skuffar ikkje og kjem like trufast som måsen om våren og i beste kan fall kan ein berre lese av lysarka utan å ha den ringaste aning om kva som står der. Jentene sit lydig Det er eit kunnskapssyn som tenderer sterkt mot det instrumentelle. Det er noko mekanisk over det heile. Noko autoritært. Fakta står på Power- pointen og må derfor takast i største alvor. Inga kritisk røyst er å høyre. Studentane; eg meiner jentene, sit lydig og skriv av som om det var vår tids nye skjønnskriftsøving. Det ropast alarm i samfunnet om at gutane droppar ut av vidaregåande. Kan det vere at dei kjeder vitet av seg i denne forordna skolen kor mykje handlar om punkt 1, 2 og 3 på Power- pointen? Dei er kanskje ikkje «dropouts» men «pushouts». Det er skolen som puffar gutane ut. Dei har ikkje armslag lenger. Rommet er blitt for trongt for dei. Skuleflinke jenter har tatt over. Om jentene seiest det at dei brukar ein time framfor spegelen om morgonen. Meir tid enn dei brukar på leksa. Kan hende har jentene forstått koplinga mellom eit tekkeleg ytre og ein pliktoppfyllande innsats i å skrive av frå lysarka. Dei gjer inga opp- rør mot systemet slik som gutane gjer. Dei tilpassar seg i håp om å få gode karakterar mens gutane har oppdaga kva dei går glipp av ved å bli verande i skolen. Då er det meir spenning i å snu døgnet, spele dataspel, laste ned filmar og bestemme over eiga tid. Frirommet om natta gjev dei meir indre action enn nokon Powerpoint kan gje dei på dag- tid. Sjå kunnskap som heil Kor vart det av lysarket om det musiske menneske som professor Jon Roar Bjørkvold tala så varmt om på 1990-talet? Om å sjå kunnskapen som heil og Gutane droppar ut Gutane har for lengst slått av straumen.

ikkje som delar. Om songen. Om leiken og liden- skapen i kvart eit menneske. Blei det berre med draumen? Nokon trudde visst det var komen ein ny vår og at det ville bli like fint å jobbe som å danse. Men dei tok feil. Det er enno ikkje rydda plass på golvet for å danse. Vi har gitt busselskapet ansvar for innreiinga og elevane sit framleis fint på rekke og rad som dei alltid har gjort. Dei har ikkje stor plass til å røre seg og ser heller ikkje ansikta til kvarandre men det spelar inga rolle så lenge dei sit vendt mot Powerpointen. Hadde eg undervist i dans og ikkje i pedagogikk, ville eg neppe brukt PowerPoint i undervisninga. Eg ville bedt elevane komme fram på golvet for å danse. Det er noko praktisk ved dansen som krev at kroppen må takast i bruk når ein skal lære seg nye dansetrinn. Det spørst om læringseffekten ville vore like stor dersom eg stod ved tavla og forklarte skilnaden på dansetrinna i cha-cha-cha og salsa ved hjelp av punkt på ein PowerPoint. Praktisk kunnskap Skal tru om ikkje praktisk kunnskap er nett det ein nyutdanna lærar treng i møte med ein kom- pleks og utfordrande skulekvardag der elevar frå spennande kulturar og med ulik bakgrunn byr opp til den eine nye dansen etter den andre. I det praktiske ligg teorien. Vi kan ikkje skilje desse to, like lite som vi kan skilje hovudet frå kroppen. Det blir fort eit livlaust samfunn. Powerpointen kan ikkje få skylda for denne todelinga av mennesket. Powerpointen er berre eit verktøy som kan fungere utmerkt til sitt bruk, men ikkje heile tida og ikkje til alt. Det er mange vegar til Rom. Nokon snakkar om å ta det verkelege livet inn i klasserommet. Det verkelege livet er allereie der. For det er i klasse- rommet studentane er. Oftast. Tida er inne for å by dei opp til dans. Golvet er ledig og dansen kan berre starte.

Marian Børli Sivertsen høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskolen i Nesna

Foto privat

20 års erfaring som lærar i yrkesfag i vidaregåande skule

Det er langt mellomdei forordna punkta somstår på Powerpointen og dei praktiske utfordringane somfinst i dagens skule. Her om dagen møtte eg på ein nyutdanna lærar som hadde gitt opp læraryrket etter berre eitt år. Vedkommande sa mellom anna dette om sine opplevingar frå utdanninga: «Eg tok lærarutdanning og opplevde at det var svært lite av den eg kunne bruke i møte med det verkelege livet sommøtte meg i klasserommet. Eg lærte ingenting der om korleis eg skulle møte på ein uventa situasjon, korleis eg skulle hjelpe ein elev til å bli inkludert i leiken i friminuttet eller korleis eg skulle gripe an når nokon blei mobba. Eg sat time etter time og skreiv av frå læraren sin Powerpoint om læringsteoriar og vanskelege pedagogiske omgrep. Då eg kom ut som lærar, var eg livredd for det som møtte meg i klasserom- met.» Lysark etter lysark vert spydd ut Kva er det studentar lærer i dag om det å vere lærar? Til mi store undring er ein framleis opp- teken av det teoretiske ved lærarutdanninga. Det er inga ending på pedagogiske omgrep, til dømes didaktikk, didaktisk relasjonsmodell og didaktisk relasjonstenking. Vurdering for læring, vurdering av læring, undervegsvurdering og sluttvurdering. Lysark etter lysark blir spydd ut med sine forordna punkt i rekke og rad i håp om å nå inn til studen- tane med kunnskap. Eg undrar om dei nyutdanna lærarane tar med seg Powerpointen under armen når dei startar

«Blei det berre med draumen?»

43 | Utdanning nr. 13/22. august 2014

Made with