Utdanning nr 13-2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar i Utdanningsforbundet

FOTO TOM-EGILJENSEN

Skulestart med konflikt

«Kva med å ta bodskapen frå ein samla lærarstand på alvor og faktisk kome dei i møte?»

Utdanningsforbundet er i streik over heile landet. Det starta med eit historisk nei-fleirtal. I juni vart det heilt klårt, for alle som ville sjå, at lærarane ikkje i det heile hadde tiltru til den skissa meklaren la fram. På vår pressekonferanse, då resultatet av uravrøystinga skulle offentleggjerast, la vi vekt på at dette også måtte forståast som eit læraropprør. Sjølv om den utløysande faktor var tilbodet i arbeidstidsfor- handlingane, handlar dette om langt meir. Det er eit opprør mot den aukande detaljstyringa i skulen og mot alle tiltaka som over tid har svekka læraren som sjølvstendig profesjonsutøvar. Og det er ein reaksjon på det stadig aukande gapet mellom fagre løfter og ambisjonar for skulen frå sentrale politikarar, og man- glande prioritering og oppfølging i kommunar og fylkeskom- munar. Lærarane fortel om ein kvardag med stadig mindre tid til kvar elev, med stadig mindre tid til å kunne gjere ein god jobb, med stadig fleire oppgåver som tek tid frå arbeidet med elevane. Lærarane har strekt strikken langt nok. Det som no har mani- festert seg, er også ei tillitskrise. Dei nasjonale politikarane, som ikkje skal betale skulerekninga, kjemmed visjonane, dei store orda og ambisjonane. Desse blir så i praksis torpedert av lokal- politikarar, gjerne frå same parti, som skal betale rekninga. Fordi det ikkje er pengar i kommunekassa. Ein sentral intensjon i den skissa som vart avvist, var å byggje ein tillitsfull samarbeidskultur. Den intensjonen har Utdan- ningsforbundet framleis. Men vi ser at framgangsmåten må endrast. Bodskapen frå uravrøystinga var eigentleg at grunn- muren for dette byggverket ikkje er på plass der ute. Lærarane

kjenner seg mistenkeleggjorte. Det er ein uomgjengeleg realitet. I denne situasjonen er det heilt fåfengt å freiste å tre ei løysing lærarane ikkje har tru på ned over hovudet på dei. Det vil faktisk gjere vondt verre. Tillitsfullt samarbeid kan ikkje manast fram på kommando. Den gode samarbeidskulturen skapast gjen- nom å syne lærarane tillit, ikkje gjennom meir styringsrett. Så skal det leggjast til at det heller ikkje tener saka å omtale dette som om samarbeid i dag ikkje eksisterer. Sanninga er den stikk motsette. Denne veka var partane samla hos riksmeklaren for å son- dere og sjå om det var mogleg å finne ei løysing med mekla- ren si hjelp. Det førte som kjent ikkje fram. Avstanden mellom Utdanningsforbundet og dei andre lærarorganisasjonane på den eine sida og KS på den andre var alt for stor. Då dette blei klårt, signaliserte KS at dei var villige til å la heile konflikten gå til frivillig nemnd. Dette såkalla «tilbodet» la dei også fram for media i etterkant, for – med deira eigne ord – å vise at for KS «skulle ingen ting vere uprøvd». Vi kan berre konstatere at KS viftar med ord, men ikkje har tatt realitetane inn over seg. Det burde vere unødvendig å peike på det eine opplagde, som ikkje er prøvd: Kva med å ta bodskapen frå ein samla lærarstand på alvor og faktisk kome dei i møte? KS har også flittig nytta metaforen med å snu alle steinar. Saken er eigentleg ganske enkel. Når steinar blokkerar vegen, er det ikkje nok å snu på dei. Dei må flyttast. Den dagen KS er klår for flyttesjau, kan dei rekne med dugnadshjelp. Det tilbodet står ved lag også etter at meklingsprosessen braut saman. Ja, vi kjem til å annonsere det på torg og i gater kvar dag frametter.

64 | UTDANNING nr. 13/22. august 2014

Made with