Utdanning nr 17 - 2014

Reportasje

Elevar frå skulane i Bremanger kastar loss under myndig leiing av skipper Sigmund Larsen.

Ramsalt skuledag i Rug

I og kring sjøbua Gulebuda i Rugsund i Nordfjord var det folksamt og livleg då 6.-klassingar i Bre- manger kommune fekk kontakt med det salte og våte element. Der møtte dei tre karar frå kystlaget Hornelen, som gjekk gjennom Sjøfartsdirektoratet sitt opplegg, Sjøvett og sikkerheit på sjøen. Kystlaget har dei seinare år hatt denne sjøbua som base for tiltak retta mot publikum. Dei siste fem år har elevane på mellomtrinnet i Bremanger-skulane hatt ekskursjon hit og fått både oppleve og prøve seg på varierte sider ved sjølivet; slikt fiskarar og sjømenn måtte beher- ske før dagens teknologi slo gjennom. Hamp, kokus, sisal, plankar trakt med sjøvatn og tjøre vert element som gjev atmosfære og set tida i revers. Sjøfartsdirektoratet har i år ein kampanje retta mot sjøvett og redningsutstyr. Siktemålet er å styrke kunnskapen som gjev tryggare liv ved og på sjøen. – Veit de forskjell på flyteutstyr og redningsvest?

spør Lars Olav Rylandsholm, senior i Kystlaget. – Flyteutstyr hindrar umiddelbar drukning og krev rask assistanse. Redningsvest syter for rett stilling i sjøen. Redningsdress held på kroppsvar- men. Vanleg arbeidsdress er livsfarleg. Då søkk du rett ned, held han fram. Skipper på «Baltanskjer» I opplegget inngår ein tur med gavlbåten «Baltan- skjer», der Sigmund Larsen er skipper om bord. Iført losjakke, eller «sjørøvarfrakk», alt ettersom, og brøsmehue på hovudet, tvilar ingen på at han har reva segla i mange stormar. Framfor elevane krev han straks ro så han får snakke: – Eg heiter Sigmund Larsen og er skipper om bord. Veit de kva det betyr? Det betyr at eg bestemmer alt her. Dei som ikkje gjer som eg seier, vert kjølhala. Det brukar vi i Kystlaget rett som det er. Med tau i den eine foten dreg vi man- nen under kjølen og opp att. Det har god disipli-

Sjetteklassingane i Bremanger fekk eit friskt møtemed sjøfartstradisjonar då det lokale kystlaget arrangertemaritimdag. TEKST OG FOTO Kjell Askeland

22 | UTDANNING nr. 17/17. oktober 2014

Made with