Utdanning nr 18 - 2014

Kronikk Hvis du emner på en kronikk, er det lurt å presentere ideen for redaktør Knut Hovland kh@utdanningsnytt.no. Utgangspunktet er at temaet må være interessant og relevant, og språket godt og forståelig, for en bredt sammensatt lesergruppe. Stoff som bygger på forskning, må være popularisert. Det betyr blant annet at forskningsresultatet er det sentrale i teksten, og at det som handler ommetode, har en svært beskjeden plass. Lengden kan være mellom 12.500 og 17.000 tegn inklusive mellomrom. Litteraturliste og henvisninger må være inkludert i antallet tegn. Eventuelle illustrasjoner må ikke sendes limt inn i wordfilen, men separat som jpg- eller pdf-filer.

skulle då ikkje vere så vanskeleg, for tidstjuvane står tydeleg fram. Lat oss hjelpe politikarane i regjering og deira byråkratar med å sjå og kvan- tifisere tidstjuvar. Eit første steg kan vere ikkje å påføre skulen fleire tidstjuvar. Og har nokon snike seg inn utan å betale, så får dei kome fram og betale for seg. Det skulle late seg gjere å lage over- syn over kva nye arbeidsoppgåver som er pålagde lærarane og kva oppgåver som er tekne vekk, lat oss seie siste 10 åra. KS har ei enklare tilnærming; Når læraren vert pålagd 10 timar med nytt arbeid, så får vedkomande arbeide sjølvstendig og finne fram til 10 timar som kan takast bort ein annan stad, utan at det gjer så mykje. I praksis vil dette seie frå tida til føre- og etterarbeid. Eller så ventar KS at lærarane skal sjå stort på det og gløyme dei 10 timane som skal reduserast. Og dette kan KS spekulere i, for lærarane er vane med å først og fremst sjå på kva som er det beste for elevane. Kva vil vi finne? Eg må minnast eit TV-program der vi såg korleis akkordsystem vart laga til på ein tekstilfabrikk ein stad i Asia. Menn med stoppeklokke klikka av tida når flinke syersker sydde den og den saumen. Hel- ler ikkje desse toppsyerskene i sin beste alder ville greie dette tempoet i time etter time, dag etter dag. Dei som ikkje oppfylte akkorden, måtte arbeide ekstra tid. Det skal ikkje bli enkelt å kartleggje kor mykje kvar lærar arbeider. Under kartlegginga vil ingen godta å verte kartlagd som syerskene i Asia. Å roe ned à la Natland vert gale den andre vegen. Mykje arbeid er ikkje lett å sjå. Ein lærar fortalde at ho ofte fekk gode idear knytt til skulearbeidet i dusjen. Kor mange minutt skal ein føre? Lange dusjar med stor hjerneaktivitet skal førast med minst 15 minutt. Mange brukar deler av pausar til arbeid, også matpausar. Nokre bruker mykje tid på å studere bakgrunnsmateriale og lese bøker, andre gjer lite slikt. Når du gjev eller får hjelp frå ein kol- lega, bruker begge tid. Her er mange variablar, og dei varierer frå lærar til lærar. Her må nok for- handlingane om akkordsystemet skjere gjennom; Du får så og så mykje tid til dei og dei oppgåvene. Kor grundig og solid skal arbeidet vere? Korleis klassane er fornøgde med læraren sin, er ein god

målestokk på at læraren gjer arbeidet sitt godt. Og skuleleiinga må prioritere av si tid så dei kan ha kontakt med elevar og lærarar slik at dei kjenner tilstandane rundt om i klassar og grupper. Hugsar du 2001? Lærarane var skikkeleg opptrekte: Lønsutviklinga hadde vore dårleg i fleire år. No ville vi ha pengar! Men motparten sa at pengar var uråd å finne. Men sidan pengar var prioritet over alt anna, så fanst det kanskje ei løysing: Frå Pressemelding frå KUF 15.10. 2001: «Mer lønn og mer undervisning for lærerne. Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet og lærer- organisasjonene har inngått en ny avtale om lønn og arbeidstid som sikrer lærerne en økning på tre lønnstrinn, eller rundt 15.000 kroner i året. Sam- tidig øker lærernes leseplikt, det vil si det antall timer de underviser. Lønnsøkningen vil komme i to etapper: Ett lønnstrinn gis fra 1/1 2002, mens to lønnstrinn kommer fra 1/8 2002. Den økte leseplikten er på fire prosent. Det betyr 38 flere undervisningstimer i året på barneskolen, og en noe mindre økning på ungdomstrinnet og i videre- gående opplæring. En historisk avtale, sier statsråd Trond Giske, som er svært glad på Skole-Norges vegne for det lønnsløftet lærerne nå får. – Denne pakken vil bidra til å gjøre læreryrket mer attrak- tivt, og vil skape en bedre og mer fleksibel skole for elevene, er hans vurdering. Giske vektlegger også at avtalen vil frigjøre ressurser, og at den vil sikre mer fleksibilitet og mindre byråkrati i skolen.» Mindre byråkrati, såg Giske i 2001-avtalen. Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Med sva- kare lønsutvikling enn samanliknbare grupper nokre år etter 2001, sat vi att med 4 prosent auka arbeidsmengd og null ekstra betaling. Noko slikt må vi aldri gjere igjen. I ei verd som vert meir og meir produktiv, skal ikkje arbeidstida lengjast. Sun Tzu Dersom du kjenner fienden og deg sjølv, skal du ikkje frykte hundre slag, skreiv den kinesiske strategen Sun Tzu for 2500 år sidan. Vi treng altså å studere både oss sjølv og motparten. KS feilvur- derte sin styrke. Leiinga vår feilvurderte styrken

og kampviljen i medlemsmassen. Vi skal ikkje overdrive kva vi har oppnådd. Likevel meiner eg vi er i ein klårt betre posisjon før neste slag når vi langt på veg slo attende angrepet frå KS, saman- likna med at vi hadde godteke resultatet eit klårt medlemsfleirtal røysta ned. Eg trur også at det gjer godt for lærarane i Danmark å sjå kva vi streika oss fram til. Og det er ei gladmelding til lærarar i alle land. Og vi må ikkje gløyme Sun Tzu; Å studere både oss sjølve og motparten må vi berre inten- sivere. Samla er vi sterke Splitt og hersk, kjenner vi som ein sentral strategi for herskarar til alle tider. Eit moteord for dei som vil svekkje arbeidsvilkåra for folk flest, er fleksi- bilitet. Jamfør framlegga til endring av AML. Når motparten er begeistra for fleksibilitet, kan vi seie at det er då vi òg, men på visse vilkår og innanfor rammer vi kontrollerer. Regjeringa arbeider rime- leg nok for å fremje den politikken dei gjekk til val på: skattelette til dei rike og reduksjon i offentleg sektor. Når budsjettrammene vert reduserte, må vi vente at mange som sit i klemma med ansvar for budsjettbalansen, blir meir oppfinnsame. Eg tenkjer både på politiske og administrative leiarar. Dette må vi vere medvitne om. KS hadde framlegg om å late rektor styre meir, og finne fram til fleksibilitet. At rektor og fagor- ganisasjon finn gode lokale løysingar, er det nok mange døme på. Men å late lokale, eller regionale, avtalar undergrave politikken vår som landsdek- kjande organisasjon, skal vi ikkje ha noko av. Ret- ten til å seie nei til slike lokale avtalar, må vi ikkje fire det minste på. Utan denne retten vil makta til fagorganisasjonane kunne flisast opp. Ein kan i så fall vente små lokale angrep på dei avtala rettane våre i starten. Går slikt gjennom, vil det kome meir. Lærarar i folket sin skule Lenge var tilgang til skule eit privilegium for dei øvre sjikt. I 1889 opna folkeskulelovene vegen for alle til høgare utdanning. I 1936 kom folkesku- lelovene med einskapsskulen. I 1969 vart plik- tig skulegang utvida til ni år. I 1998 kom lov om grunnskule og om vidaregåande opplæring, ein rett for alle. Vi lærarar kjenner ansvar for norsk skule med sin rett til ein god, gratis offentleg skule for alle. Streiken synte at vi har folkefleirtalet med oss med denne vi-kjensla; vår skule. Krava frå KS vil skade norsk skule. Kor viktig det er at lærarane får nok tid til å lage den gode skulen for heile fol- ket, forstår fleire og fleire.

«Dei som kjemmed nye oppgåver, vert ikkje mindre ivrige til å kome med fleire ved at dei slepp å betale for det nye arbeidet.»

49 | Utdanning nr. 18/31. oktober 2014

Made with