Første Steg nr. 4 -2016
AKTUELT BARN OG SINNE
– Det må vere lov å vere sint Barnehagebarn som tvingast til å undertrykkje sinnet sitt, kan slitemed å takle konfliktar seinare i livet, meiner barnehageforskar Liv Torunn Grindheim.
tekst ARNE SOLLI frilansjournalist, Scribeco arne19olli@gmail.com
Er det slik at barn ikkje får lov til å vere sinte i barnehagen? Førsteamanuensis og barnehageforskar LivTorunnGrind- heim ved Høgskulen i Bergen seier at det får dei, men at sinne ser ut til å bli oppfatta somnoko ein helst skal unngå. Det syner også barnehagens rammeplan, somslett ikkje nemner sinne, mens deri- mot «glede» er nytta 24 gonger. –At glede er så sterkt vektlagt, forstår eg someit syn på kva somkjenneteiknar «den gode barndomen». At både kon- fliktar og sinne kan vere konstruktivt for å vidareutvikle eit fellesskap, har kanskje vore ein meir framand tanke i barnehagesamanheng, seier Grindheim. Ho har forska på haldningar til barns sinne i barnehagen gjennom observa- sjon og samtalar med barn og tilsette i tre barnehagar. SINNE = KOMMUNIKASJON –Barnehagepersonalet vil gjernemeine at sinte barn må slutte å vere sinte og finne andre måtar å uttrykkje seg på. Eg er einig, men : Om det å få eit barn til å slutte å vere sint, får skugge for det å rette opp urettferd og krenkingar i barnehagen, blir ikkje barnehagen ein betre stad å vere, seier forskaren. Ho meiner barn har rett til å medverke også før dei kan uttrykkje seg logisk og balansert verbalt. – Innspel somviser til urett og krenk- ingar ser egpå somviktig informasjonog dermed ein måte barn kan medverke på
Vi må ikkje sjå på sinne og aggresjon som to sider av same sak, meiner barnehageforskar Liv Torunn Grindheim. Da kan bodskapen barnet forsøker å formidle, om at noko er urettferdig eller krenkjande, stå i fare for ikkje å nå fram Illustrasjonfoto: Fotolia.com.
26 | første steg nr 4 | 2016
Made with FlippingBook