Utdanning nr. 11 - 2017

Aktuelt

Vidaregåande skole

Lærarar blir overtalige

I vidaregåande skole i Troms blir det frå i haust ikkje tatt opp elevar til tolv skoleklassar som har vore i drift i år. Det gjer lærarar overtalige. Leiar i Utdanningsforbundet Troms, Thomas Nord- gård, stadfestar at det er fleire saker på gong om overtalige lærarar. Det er for tidleg å seie noko om utfallet. – Men vi risikerer at lærarar går inn i ferien utan å vite om dei har jobb til hausten, seier han. Grunnen er færre søkjarar til vidaregåande skole. To av klassane som ikkje blir sette i gong, er ved Ishavsbyen vidaregåande skole i Tromsø. Ein annan er ved Stangnes vidaregåande skole i Har- stad. Men dei fleste er ved skolar i distrikta. Til dømes blir klassen for køyretøy ved Nord-Troms vidaregåande skole ikkje starta opp i haust. – At dette i så stor grad rammar skolane i små samfunn, gjer at desse stadene mister arbeids- plassar som krev høg kompetanse. Det gjer også at fylkeskommunen blir sett på som ein lite attrak- tiv arbeidsgivar på slike stader. Folk har ikkje tiltru til at dei tilbyr trygge arbeidsplassar. Båe delane er svært uheldig, seier Thomas Nordgård. – Kan ikkje dei overtalige overførast til arbeid ved ein annan skole? – For svært mange er ikkje det noko reelt alter- nativ. Avstandane er for store. Nordgård ventar meir bråk neste år. Da skal fylkeskommunen spare fleire titals millionar på skoledrift. – Vi bør starte arbeidet mot konsekvensane av dette alt nå, seier Nordgård. – Vil ein sterkare arbeidsgivar, altså ei samanslåing av fylke, sikre ein meir stabil skolestruktur? – Det er inga utsegn eller planer som gir von om at færre og større fylke vil gi meir omsyn til små skolestader, seier Thomas Nordgård. Lovar ikkje jobb til alle – Skulle vi tatt vare på alle lærarar frå alle nedlagde kurs, hadde det blitt ei dyr drift, seier fylkesråd for TEKST KirstenRopeid |kr@utdanningsnytt.no

Utdannings- direktoratet har, med utgangspunkt i tal frå Statistisk sentralbyrå, rekna ut at 13 fylke får elevnedgang i vidaregåande skole fram til 2022. ARKIVFOTO ERIKM.SUNDT

utdanning i Troms, Roar Sollied frå Venstre. – Er det greitt at lærarar startar ferien utan å vite om dei har jobb til hausten? – I ein desentralisert skolestruktur er det van- skeleg å unngå. Men vi prøver å gi dei det gjeld andre oppgåver ved skolane, seier Sollied. Han opplyser at søkarsvikta gjeld særleg yrkesfaga.

– For dei 12 klassane vi har lagt ned, hadde vi til saman 28 primærsøkjarar, seier han. Utdanningsdirektoratet har, med utgangspunkt i tal frå Statistisk sentralbyrå, rekna ut at 13 fylke vil ha elevnedgang i vidaregåande skole fram til 2022. Fylka der det ikkje er venta elevnedgang, er Oslo, Akershus, Rogaland, Aust-Agder, Buskerud og Østfold.

Arbeidstilsynet ble ikke varslet omvoldmot lærere i Oslo Arbeidsmiljø

Ifølge arbeidsmiljøloven skal arbeidsgiver varsle Arbeidstilsynet og nærmeste politimyndighet når det skjer ulykker, trusler eller vold på arbeidsplas- sen av alvorlig karakter. – Når dette ikke er meldt inn, er det et spørsmål om vi har med systemsvikt å gjøre, både når det gjelder meldeplikt og det som verre er, nemlig å beskytte ansatte mot vold og trusler på arbeidsplassen, sier professor emeritus Henning Jakhelln ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo. ©NTB

Ingen av de 901 alvorlige tilfellene av vold mot lærere ved skoler i Oslo i fjor ble varslet til Arbeidstilsynet. – Mulig systemsvikt, sier professor. 19. mai skrev Dagsavisen at det i fjor ble meldt inn 1940 tilfeller av vold mot lærere i Oslo. 901 av disse var alvorlige og innebar blant annet slag, spark, biting eller trusler. Ifølge avisen har ingen av disse blitt meldt inn til Arbeidstilsynet.

8 | UTDANNING nr. 11/6. juni 2017

Made with